Hopp til hovedinnhold
Emner:
  • Datadeling
  • Digitalisering og samordning
  • Digital samhandling
  • Sammenhengende tjenester
  • Digdir
Tid:
onsdag 14. desember kl. 09:00–10:00, 2022
Sted:
Digitalt

Vi ønskjer å vise deg kva Digdir kan hjelpe deg med, enten du jobbar med å laga samanhengande tenester eller ei konkret livshending. Noko av det vi kan hjelpe deg med er finansiering, innovative metodar og innkjøp, datadeling og andre faglege råd og ressursar. Vi legg til rette for godt tverrfagleg og tverretatleg samarbeid.

Se opptaket fra webinaret her

Teksting av webinaret er under arbeid og publiseres når det er klart.

Ved å følgje webinaret 14. desember vil du få ei kort innføring i nokre av tenestene Digdir kan tilby til deg som offentleg verksemd. Samstundes vil vi ha personar som sit klare til å svara på alle spørsmål du måtte ha.

Det er frivillig å melde seg på, men om du melder deg på får du ei påminning før arrangementet.

I etterkant av dette møtet kan du delta på Fagleg arena for informasjonsforvaltning og deling av data sin årskavalkade.

Velkomen og introduksjon

Vi skal gå gjennom eit utval av kva tilbod Digdir har som støttar opp under realiseringa av samanhengande tenester ved ordstyrar for webinaret, Cathrine Silju Warnes.

Vi set scena med Regjeringen og KS sin digitaliseringsstrategi, og rammevilkåra vi har å forholde oss til i økosystem for nasjonal digital samhandling og tenesteutvikling.

Finansiering av dine digitaliseringsprosjekt

Vi startar med å syne deg kva finansieringsmogelegheiter av digitaliseringsprosjekt vi kan tilby:

  • Medfinanseringsordninga ved Elin Oksavik og Frode Dahl

  • Finansieringsmogelegheiter frå EU ved Alexander Klein og Kristoffer Ulvestad

  • Stimulab ved Sigrid Grønland Hoel

Innovasjon for å finne betre løysingar

Vi har både kunnskap om og finansieringsmogelegheiter av innovative metodar for at du skal kunne finna fram til betre tenester og løysingar for brukarane dine, saman med andre.

  • StartOff ved Asli Aydemir

  • Innovation@Digdir ved Dirk Lammering

Vi gir deg faglege råd

Starte og drive frivillig organisasjon er ei av 7 livshendingar i digitaliseringsstrategien. Hensikta med dette arbeidet er at brukaren skal setjast i sentrum. Her skal de få høyre korleis våre rådgjevingsvirkemiddel og finansielle virkemiddel har vorte nytta i denne livshendinga. Vi vil og sjå korleis prosessar som starta før digitaliseringsstrategien har komme til nytte i arbeidet med å realisera denne livshendinga. Vi startar med kva forventningar frivillig sektor sjølv har.

  • Praktisk eksempel frå livshendinga Starte og drive frivillig, med erfaringar frå tre av ordningane våre (Stimulab, Medfinansieringsordninga og Digitaliseringsrådet). Ved Øyvind Husby i Brønnøysundregistrene, Anne Sofie Teveldal og Birgitte Eriksen i DFØ, Kristine Skaar Aune og Lars Audun Granly i Kulturdepartementet og Stian Slotterøy Johnsen frå Frivillig Norge.

  • Ynskjer du og faglege råd til ditt prosjekt? Digitaliseringsrådet ved sekretariatsleiar Elin Oksavik oppfordrar deg til å ta kontakt med oss.

Vi hjelper deg med deling av data

  • Ressurssenter for datadeling ved Rozemarijn Van der Hilst-Ytreland

  • Datajegeren ved Livar Bergheim

Bruk fellesløysingar

  • Kva fellesløysingar har vi å tilby? Ved Mari Forberg Jøndahl

Informasjonssikkerheit

  • Kort presentasjon av ein vegleiar som hjelper til med å finna vegen fram til ei god og effektiv styring av informasjonssikkerheit, kalla Stifinneren, ved Katrine Aam Svendsen

Ta kontakt med sammenhengende.tjenester@digdir.no dersom du lurer på noko.