Hopp til hovudinnhald

Informasjonskapslar (cookies)

Her finn du ei oversikt over bruken av informasjonskapslar på nettstaden digdir.no.

Informasjonskapslar

Informasjonskapslar er små tekstfiler som blir lasta ned og lagra på datamaskina di når du opnar ei nettside. Digitaliseringsdirektoratet brukar informasjonskapslar for å betre brukaropplevinga di når du besøker nettsidene våre.

Du kan lese meir om informasjonskapslar hos Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. Bruk av informasjonskapslar blir regulert av lov om elektronisk kommunikasjon (ekomloven) § 2-7 b).

Korleis administrere informasjonskapslar

Dei fleste moderne nettlesarar er innstilte på å akseptere informasjonskapslar automatisk, men du kan sjølv velje å endre innstillingane slik at informasjonskapslar ikkje blir akseptert. Vi gjer merksam på at dette vil kunne føre til at Digitaliseringsdirektoratet sine nettenester ikkje vil fungere optimalt. På nettvett.no kan du lese om korleis du administrerer informasjonskapslar og få tips til sikrare bruk av internett.

Informasjonskapslar på digdir.no

For digdir.no har vi ikkje eigne informasjonskapslar, men det er informasjonskapslar frå våre tredjepartsløysingar på digdir.no. Du finn informasjon om desse i lenkene under.

Webanalyse og statistikk

  • Vi brukar SiteImprove med cookieless tracking for webanalyse og statistikk om besøk til nettstaden.

Medier

  • På sider med video frå Vimeo blir informasjonskapslar som er nødvendige for å levere videoane brukt. Videoane på våre sider brukar «do not track»-funksjonalitet frå leverandøren. Informasjonskapslane forvaltast av Vimeo og lagrast til nettlesaren blir lukka.
  • I enkelte tilfelle der våre samarbeidspartnarar står for filminga brukar vi YouTube for å dele video. Videoane på våre sider brukar «no cookie»-funksjonalitet frå leverandøren. Det vil seie at YouTube først plasserer informasjonskapslar når brukaren startar avspeling.
  • Vi brukar Slido eller integrert chattefunksjon i Vimeo for å chatte med følgarar under strøyming av arrangement.
  • På sider med podkastar frå Soundcloud brukast informasjonskapslar som er nødvendige for at lydavspelinga og tilhørande sikkerheitsmekanismar skal fungere. Informasjonskapslane blir forvalta av Soundcloud og lagrast til nettlesaren blir lukka.

Visualiseringsverktøy

Personvernerklæring

Les om kva for personopplysningar vi behandlar og kvifor i personvernerklæringa vår.