Personvernombod i Digitaliseringsdirektoratet
Sidan Digitaliseringsdirektoratet er ei offentleg myndigheit, har vi eit eige personvernombod i verksemda. Morten Haug Frøyen er personvernombod for Digitaliseringsdirektoratet (Digdir).
Oppgåver og rolle
Hensikta med eit personvernombod er å styrke direktoratet si evne til å følgje personvernregelverket. Ein dedikert person, som både skal kunne opptre heilt uavhengig og som har fagleg kompetanse, aukar tryggleiken for at verksemda vår følgjer reglane i praksis. Dette er til nytte både for både verksemda sjølv og for dei som vi handsamar personopplysningar om.
Personvernombodet har teieplikt
Personvernombodet har ei sentral rolle i det nye personvernregelverket. Personvernforordninga og personopplysningsloven regulerer korleis personvernombodsordninga skal fungere og pliktene til både verksemda og ombodet.
Les meir om ombodet på Datatilsynet sine nettsider: Personvernombud | Datatilsynet
Kva kan du kontakte personvernombodet om?
Regelverket seier at personar som vi handsamar personopplysningar om, skal kunne kontakte personvernombodet om korleis vi brukar desse personopplysningane. Typiske tema kan vere rettar etter regelverket, slik som til dømes innsyn i eigne personopplysningar, sletting eller retting av gale opplysningar. Personvernombodet kan gje råd og bringe saker og førespurnader vidare i direktoratet.
Sjå meir om den registrerte sine rettar på Datatilsynet sine nettsider: Dine rettigheter | Datatilsynet
Kontakt
Personvernombod Morten Haug Frøyen: personvernombud@digdir.no
NB: Ver venleg og ikkje send personsensitiv informasjon i ukryptert e-post.
Besøksadresse: Økern Portal, Lørenfaret 1c, 0580 Oslo
Postadresse: Digitaliseringsdirektoratet, avd. Oslo
Postboks 1382 Vika
0114 Oslo
Telefonnummer: 22 45 10 00 (direkte: 99 56 97 17)