Ein konferanse for datadeling og innovasjon. Det tverrsektorielle datasamarbeidet jobbar for auka deling og utnytting av data i samferdslesektoren, og for slik å realisere samarbeidet sin ambisjon om å: «Tilretteleggje for betre og meir effektive tenester og beslutningsgrunnlag for innbyggjarane, transportverksemder og øvrige beslutningstakarar i samfunnet»
Optimalisert bruk og deling av data i samferdslesektoren kan gje store vinstar, både til transportverksemdene, dei reisande og samfunnet elles.
Nokre døme er:
- Meir presise analysar som kan føre til betre planleggjing, trafikkstyring og investeringar.
- Smartare, meir saumlause og heilheitlege opplevingar for dei reisande.
- Betre informasjon til reisande som gjer det enklare å ta miljømedvitne val.
- Betre utnytting av noverande infrastruktur og transporttilbod.