Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 18. oktober kl. 09:00–11:00, 2023
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I dette møtet vil fleire verksemder halde korte innlegg der dei peiker på behovet for å sjå på:

09:00 «Datadokumentasjon og informasjonsforvaltning i eit meir heilskapleg perspektiv»

Kva er heilskapleg informasjonsforvaltning for oss?
Kvifor er det viktig for oss?
Kva spring motivasjonen ut frå?
Forretning inkludert tenesteproduksjon og datadeling?
Personvern?
Tryggleik?
Arkiv?
Fleire eller alle?
Kva er utfordringar hos oss?

Innlegg av Digdir, Datatilsynet, Arkivverket, Bouvet, Direktoratet for e-helse, Statens vegvesen, NAV, Skatteetaten, Lånekassen og Sandefjord kommune

10:30 «Diskusjon»

Temaet denne gongen følgjer opp eit innlegg frå juni 2022

Du kan sjå opptaket på https://vimeo.com/digdir/review/720964957/28797470b6

Passord: «informasjonsforvaltning»

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til teme for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare:

Fagleg arena for informasjonsforvaltning og datadeling 18.10.2023 | Datalandsbyen (norge.no)

Vel møtt!