Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 22. november kl. 09:00–11:00, 2023
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I møtet onsdag den 22. november kl. 9 – 11 har vi følgjande tema:

09:00 «Dette kan vi lære av NAVs innføring av dataplattform»

Vi presenterer utfordringa med deling av data når offentlege verksemder tar i bruk moderne metodar for programvareutvikling. Vi viser funn frå korleis NAV gjekk fram for å for å løyse utfordringa igjennom å implementere ei dataplattform. Her kjem det erkjenningar frå ferske forskingsfunn som vil vere verdifulle for andre offentlege verksemder som skal prøve å implementere dataplattformer.

Presentert av Tor Sporsem, Forskar i SINTEF

10:00 «Heilskapleg informasjonsforvaltning som grunnlag for openheit»

Kommunikasjonsforeininga tildelte Åpenhetsprisen 2023 til Norsk Arkivråd, Arkivforbundet og Arkivverket for deira svar på "Høring - forslag til endringar i offentleglova m.m. – innsyn i journalinnføringar m.m. som gjeld organinterne dokument». Norsk Arkivråd argumenterer for at gjennomsiktighet er viktig og at grunnlaget for denne er heilskapleg informasjonsforvaltning. Samtidig meiner Norsk Arkivråd at journalføring som konsept ikkje er den beste tilnærminga til ei heilskapleg informasjonsforvaltning eller for ei open forvaltning.

Styreleiar i Norsk Arkivråd, Anja Vestvold, vil i innlegget utdjupe Norsk Arkivråds syn.

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for informasjonsforvaltning og datadeling 22.11.23 | Datalandsbyen (norge.no)

Vel møtt!