Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I neste møte har vi følgjande tema:
09:00 «Korleis kan KI effektivisera Informasjonsforvaltning? Ein liten PoC med stort potensiale innan omgrepsbruk og datakjeldekartlegging»
Brønnøysundregistera har i samarbeid med Arkitektum AS starta å utforska korleis generativ KI kan hjelpa oss på informasjonsforvaltningsområdet. Fokus har vore utfordringane knytte til rapportering av berekraftsinformasjon og "berre éin gong"-prinsippet. Me utforska korleis skreddarsydde KI-assistentar kan brukast i omgrepsarbeid, i tillegg til å kartleggja relevante datasett for dei ulike berekraftsindikatorane.
Ved Sissel Hovstein Olsen frå Brønnøysundregistra og Tor Kjetil Nilsen frå Arkitetum AS saman med kollegaer
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for informasjonsforvaltning og datadeling 08.05.24 | Datalandsbyen (norge.no)
Vel møtt!