Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 30. oktober kl. 09:00–10:00, 2024
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I det neste møtet har me følgjande tema:

09:00 «Frå arbeidet med Digital gravferdmelding»

Ola Asp har 25 års erfaring frå gravferdsektoren og er spesielt oppteken av å finne gode og intuitive digitale løysingar for innbyggjaren i ei emosjonelt prega livshending.

Som første produkt i Digital gravferdmelding er Altinn-skjemaet «Melding om ansvar for gravferd» no ute i produksjon i pilotområdet Bærum og Vestfold.

Presentert av Ola Asp, prosjektleiar for Digital Gravferdmelding

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare:

Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning 30.10.2024 | Datalandsbyen

Vel møtt!

Kontakt

Terje Bertelsen

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 99 41 40 09