Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 27. november kl. 09:00–10:00, 2024
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I det neste møtet har vi følgjande tema:

09:00 «Har du / vi trua på opne data?»

Om Patentstyret sitt arbeid med å dele data om industrielle rettar (varemerke, design og patent). Litt om behov i marknaden, eventuelle brukarars modenhet for å ta i bruk data, og reisa vår (inklusive erfaringar). Vi i Patentstyret står no føre lansering av APIer og datasett.

I presentasjonen får du høyre litt om bakgrunnen og behova, eventuelle problemstillingar vi har møtt undervegs, og om løysingane vi enda opp med og bruk/bruksområde.

Presentert av Freddy Strømmen, prosjektleiar Patentstyret

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare:

Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning 27.11.2024 | Datalandsbyen

Vel møtt!

Kontakt

Terje Bertelsen

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 99 41 40 09