Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 5. mars kl. 09:00–10:00, 2025
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I det neste møtet har vi følgjande tema:

09:00 « Datastrategi i Helse vest – kvifor og korleis vi utvikla ei strategisk retning for data»
Korleis kan ein datastrategi skape retning og forankring for informasjonsforvaltning i ein kompleks organisasjon? Helse vest har nyleg utvikla ein ny datastrategi for å leggje til rette for betre styring, samhandling og bruk av data i verksemda. I dette innlegget deler vi bakgrunnen for arbeidet, korleis vi har jobba for å kople strategien til målet for verksemda, og kva val vi har tatt undervegs. Vi ser også på vegen vidare – korleis strategien skal brukast i praksis og korleis vi planlegg å følgje opp arbeidet.
Presentert av Sissel Marie Børthus, Helse Vest IKT

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare:

Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning 05.03.2025 | Datalandsbyen

Vel møtt!

Kontakt

Terje Bertelsen

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 99 41 40 09