Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I dette møtet har vi følgjande tema:
09:00 « Informasjonsforvaltning i ein digital og datadrevet offentleg sektor - jakta på løysingar som kan skape meir orden i eige hus»
Erfaringar frå to etatar som har starta kvart sitt arbeid med betre oversikt over eige datagrunnlag. Sjøfartsdirektoratet og Statens pensjonskasse fortel om det pågåande arbeidet sitt, og kva mogelegheiter og utfordringar dei ser.
Presentert av Stig Johansen frå Sjøfartsdirektoratet og Lars Skaarer Johansen frå Statens pensjonskasse
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning 19.03.2025 | Datalandsbyen
Vel møtt!