Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 2. april kl. 09:00 – 10:00, 2025
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I det neste møtet har vi følgjande tema:

09:00 « Digital samhandling – læring frå industrien»

Energisektoren står overfor store utfordringar med å handtere og utveksle teknisk informasjon på grunn av manglande standardisering og datakvalitet. Dette fører til ineffektiv informasjonsflyt internt og med samarbeidspartnarar, tap av data og tidkrevjande manuell tilpassing. For å møte desse utfordringane er det avgjerande å utvikle eit felles digitalt språk som kan forbetre informasjonsutvekslinga mellom ulike aktørar. Ved å implementere standardiserte informasjonsmodellar kan sektoren oppnå betydelege kostnadsinnsparingar, forbetra datakvalitet og meir effektivt samarbeid. Vi ønskjer i dette foredraget å vise kva som er gjort i energisektoren for å sjå om læring frå dette kan bidra til auka samhandling på tvers av offentleg sektor.

Presentert av Lillian Hella og Karl John Pedersen frå DNV

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning 02.04.2025 | Datalandsbyen

Vel møtt!

Kontakt

Terje Bertelsen

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 99 41 40 09