– Vi må dele meir data for å skape ein digital offentleg sektor der brukarane får samanhengande tenester på tvers av sektorar. Deling av data vil også bidra til meir verdiskaping i næringslivet. Med eit nasjonalt ressurssenter for deling av data på plass, er vi eit steg nærmare dette målet, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.
Statsråden opna ressurssenteret i Digitaliseringsdirektoratet 21. september. Etableringa av ressurssenteret er eitt av tiltaka i digitaliseringsstrategien "Ein digital offentleg sektor".
Ressurssenteret skal bidra med spisskompetanse på samanhengen mellom juss, teknologi, forretnings- og forvaltningsprosessar og vere eit læremiljø og kompetansebank for heile offentleg sektor.
– Vi produserer stadig meir data, og måten vi utnyttar data på, er i endring. Men nokre gonger blir datadelinga utfordra av lite tverrfagleg samarbeid og eit komplisert og lite digitaliseringsvennleg regelverk. Det skal ressurssenteret bidra til å gjere noko med, seier Helleland.
Skal gi konkrete råd
Ressurssenteret skal fremje deling og bruk av data gjennom regelverksutvikling og kompetanseheving. Ressurssenteret skal mellom anna
- Gi råd til offentlege og private aktørar i konkrete datadelingsprosessar
- Synleggjere handlingsrommet for deling av opplysningar i dagens regelverk, og fremje regelverksutvikling som gjer datadeling enklare
- Leggje til rette for samarbeid mellom organisasjonar og aktørar som kan ha nytte av å utveksle erfaringar
Bra for innbyggjarane, offentleg sektor og næringslivet
– Eit godt eksempel på verdifull datadeling er at bankane no kan handsame ein lånesøknad i løpet av få sekund fordi dei har fått tilgang til lånesøkarens inntektsopplysningar direkte fra Skatteetaten. Data fra det offentlege kan også styrke og effektivisere næringslivet samtidig som det kan leggje til rette for ny næringsverksemd, seier Helleland.
Eit vilkår for å dele data er at regelverket legg til rette for det.
– Deling og gjenbruk av data er heilt sentralt for å utvikle samanhengande og meir brukarvennlege tenester. Innbyggjarane skal sleppe å oppgi dei same opplysningane fleire gonger, og i større grad oppleve møtet med offentleg sektor som enkelt og saumlaust. Da treng vi eit juridisk rammeverk og kompetanse om det juridiske handlingsrommet som støttar opp under datadeling, seier direktør i Digitaliseringsdirektoratet Steffen Sutorius.