Hopp til hovudinnhald

Datahotellet er ei teneste frå Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) for å distribuere opne data frå offentlege verksemder. 2. oktober startar stenginga av Datahotellet

03. oktober 2024
illustrasjonsbilde av datahotell kunstig generert
DALL-E

Etter 13 år med drift avviklar vi no Datahotellet. I 2011 var terskelen langt høgare for å kome i gang med datadeling. Vi laga Datahotellet som ein stad ein kunne dele data utan å måtte setje opp eigne løysingar. I år skriv vi 2024 og Datahotellet vert avvikla etter lang og tru teneste.

Datahotellet har to typar brukarar. Tilbydarar og konsumentar av data. Desse må no finne andre løysingar. Sidan Digdir melde om avviklinga i mai 2024, har dei fleste tilbydarar funne nye måtar å distribuere sine data på. Konsumentar kan finne data i andre løysingar.

Kva må eg gjere?

Dersom du eller di verksemd hentar data frå Datahotellet, må de snarast legge om til å hente data frå ein annan stad. I samråd med tilbydarane har vi i Digdir jobba for at alle data som er i Datahotellet i dag skal verte tilgjengelege frå andre løysingar.

Den mest oppdaterte oversikta over andre stader å finne data som i dag er på Datahotellet, finn du på Datahotellet si avviklingsside – https://hotell.difi.no/avvikling

Alle datasett på Datahotellet skal vere registrert på data.norge.no, og mogleg å finne via søket i katalogane der. Databeskrivelsane på data.norge.no vert oppdatert til å peike til alternative stader å hente data.

Kva om eg treng ekstra tid til å få lagt om?

Ta snarast kontakt med Datahotellet på opnedata@digdir.no for hjelp. Det er mogleg å få forlenga tilgang og unngå driftsforstyrringar hos deg medan du får lagt om.

Datahotellet er ei open løysing. Det krevst inga registrering for å bruke det og difor har vi ikkje oversikt over brukarane. Vi er sikre på at det er mange brukarar der ute som har valt å koble seg til data frå Datahotellet og samtidig ikkje følgjer med på driftsmeldingar. Difor har vi lagt til rette for at ein kan få forlenga tilgang etter avtale for å minske problema det medfører for dei som først no i oktober oppdagar at Datahotellet vert avvikla.

Mange populære opne data frå offentleg sektor

Mottakarar i Elektronisk mottakerregister (ELMA) er eit av dei mest populære datasetta i Datahotellet. Dette datasettet viser kva dokumenttyper ei verksemd kan motta i PEPPOL eDelivery-nettverket. Med dette kan ein sjå om ei verksemd kan motta EHF-faktura, og dette vert brukt av mange. Til dømes til å avgjere om ein skal sende faktura som EHF-faktura eller PDF på e-post.

Einingsregisteret frå Brønnøysundregistera har også mykje trafikk. Det var frå Datahotellet at Einingsregisteret først vart distribuert som opne data, fram til Brønnøysundregistera nokre år seinare sette opp eigne løysingar på data.brreg.no.

Mattilsynet har delt data over alle storfeindivid i landet og resultatet frå smilefjestilsyn på serveringsstader. Mattilsynet gjorde datadeling «innebygd», og hadde på plass datasetta ved oppstart av smilefjestilsyn i 2016.

Av andre populære datasett er det diverse data frå Sokkeldirektoratet, tilskot og produksjonstal frå Landbruksdirektoratet, teknisk køyretøyinformasjon frå Statens vegvesen (11 millionar køyretøy) og søknader til Forskningsrådet.

Vi takkar for interessa og bruken som Datahotellet har hatt i 13 år, og gledar oss til å hjelpe med datadeling i nye former framover.

Sjå oversikt over alternative datakjelder og meir informasjon på https://hotell.difi.no/avvikling