Hopp til hovedinnhold

Gjennom 2022 vart det klart at vi gjekk tøffare tider i møte, og det utfordrar utan tvil digitaliseringstakta. I årsrapporten kan du lese meir om Digdir sine mål, resultat, utfordringar og planar – og korleis vi kan skape ein enklare digital kvardag framover.

27. april 2023
Header årsrapport 2022 nyhetssak - figur med mann som sitter på kloss og hand som trille kule mot blå bakgrunn med tekst "Årsrapport 2022"

Korleis står det til med digitaliseringa, og korleis hevdar Noreg seg internasjonalt? Kvifor er digitalisering ein nøkkel til å nå FN sine bærekraftsmål? Leverte Digdir i tråd med måla i 2022, og kva resultat kan vi vise til på dei ulike fagområdene våre. Korleis vurderer vi framtidsutsiktene for digitaliseringa av Noreg, kva utfordringar ser vi og korleis kan vi løyse dei? Det er nokre av spørsmåla du kan få svar på i Digdir sin årsrapport for 2022.

Visste du at …

  • … Digdir no gjennomfører to av dei mest komplekse teknologiprosjekta i offentleg sektor, nemleg moderniseringa av ID-porten og Altinn, som vert nytta av meir enn 12 000 offentlege tenester kvar dag og mellom 1 000 og 2 000 nye tenester kvart år?

  • … ei av dei viktigaste årsakene til at Noreg lukkast på digitalisering, er at vi har ein god digital grunnmur i form av nasjonale fellesløysingar og register som gjer det enklare og billigare å bygge gode digitale tenester for folk og samfunnet?

  • … digitale fullmaktsløysingar, som er avgjerande for mange som treng hjelp frå andre, kan spare samfunnet for 1,6 milliardar kroner over ti år?

  • … krigen i Ukraina endrar trusselbiletet også for Noreg – og aukar risikoen for angrep på vår digitale infrastruktur?

Dette finn du i årsrapporten

  • I kapittel 1 kan du lese direktør Frode Danielsen si vurdering av Digdir sine viktigaste aktivitetar og resultat i 2022 og korleis han vurderer måloppnåinga.

  • I kapittel 2 forklarer vi verksemda, dei viktigaste hendingane gjennom året og hovudtal som er samanliknbare med tidlegare år og andre verksemder.

  • Kapittel 3 er det største kapittelet kor vi først vurderer den samla måloppnåinga. Deretter presenterer vi Rikets digitale tilstand og status på handlingsplanen for regjeringa sin digitaliseringsstrategi, som kort fortalt er måloppnåinga på samfunnsnivå. Deretter presenterer vi «fagrekneskap» for Digdir sine fagområde, bærekraftsrekneskapen og ein oversikt over oppdraga våre i 2022 til slutt.

  • Kapittel 4 omhandlar styring og kontroll, HR, kommunikasjon, sikkerheit og beredskap.

  • I kapittel 5 gir vi vår vurdering av framtidsutsiktene – både for digitalisering i stort og for Digdir som verksemd. Noreg ligg i verdstoppen på digitalisering, men vi må vi bli betre på mykje. Vi må utvikle fleire samanhengande tenester med brukaren i sentrum, sette fart på delinga av data, redusere digitalt utanforskap og bygge vidare på det gode samarbeidet som er etablert. Hovedbodskapen er at sektorane og verksemdene kun kan løyse utfordringane saman – og med smartare og betre digitalisering.

  • Til slutt, i kapittel 6, presenterer vi årsrekneskapen, som gir eit dekkande bilete av Digdir sine disponible løyvingar, rekneskapsførte utgifter og inntekter. I den digitale årsrapporten er delar av rekneskapet i pdf-format.

Kontakt

Onar Aanestad

Informasjonssjef, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 92 42 66 31

Gjertrud Eliassen

Seksjonssjef, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 93682611