Finn balansen i røff sjø
Kva er det som får ein Digdir-jurist til å bruke fritida si til hjelpe folk i naud – i grov sjø ute på vår lengste og djupaste fjord? Svaret er meistring og læring, og ein solid porsjon kjærleik til sjøen og båtlivet. Djupast sett handlar det om balanse mellom jobb og fritid.
Namn: Tom Debu Nesvåg
Stilling: Jurist
Avdeling: Tilsynet for universell utforming av ikt (Uu-tilsynet)
Sted: Leikanger
Jobbar med: Kontrollerer om offentlege og private verksemder oppfyller krava for nettløysingar og sjølvbeteningsautomatar

Det er alltid viktig å reflektere over korleis ein fungerer saman som gruppe for å løyse oppgåvene på beste vis. Det handlar om samspel, samarbeid og kommunikasjon.
Tom Debu Nesvåg viser gjerne fram redningsskøyta «Uni Sognefjord» som ligg til kai i Leikanger – alltid klar for nye oppdrag. Han er båtførarar om bord og er ein av dei frivillige i sjøredningskorpset som trør til når uvéret herjar, når det går ras og vegar blir stengt. Redningsskøyta kjem til unnsetning langs fjorden der andre blålysetatar ikkje når fram.
- Det er veldig langt unna det trygge byråkratlivet med dokument, forskrifter og ein kaffekopp?
- For meg betyr det mykje å kunne bruke meg sjølv og mine eigenskapar i roller som betyr noko for andre – og ikkje berre i rolla som som fagperson. I sjøredningskorpset kan eg lære og utfordre meg sjølv på ein annan møte enn elles i arbeidskvardagen, seier Tom.
Leiar ombord
Og det er på skikkeleg alvor. Å vere båtførar i Redningsselskapet inneber å vere leiar ombord, ha ansvar for fartøyet, for mannskapet og i ytterste fall for å hjelpe menneske i naud. Nokre gonger handlar det om å førebu seg på det utenkelege. Å søke etter omkomne.
- Då må ein jobbe fram eit «mindset» som gjer at vi saman kan handtere det. Og så ligg det bokstaveleg talt i sakas natur at slike alvorlege hendingar sjeldan skjer når det er sol og stille på fjorden.
Medan andre prioriterer musikk, pudderkøyring, gaming eller stisykling, så er det sjøredningskorpset som inspirerer Tom. Kan han bruke erfaringane frå sjøredning også på jobb?
- Ja jøss, for eksempel det å meistre oppgåver eg kanskje aldri har prøvd før! Ombord leier eg eit mannskap, og det gjer eg også på jobb i Uu-tilsynet. Der står det aldri om liv, men det er alltid viktig å reflektere over korleis ein fungerer saman som gruppe for å løyse oppgåvene på beste vis. Det handlar om samspel, samarbeid og kommunikasjon.
Utanfor boksen
- Kva likar du best med jobben din i Digdir?
- Eg opplever at vi er framoverlent og jobbar med meiningsfulle ting. Vi er i stand til å skape endring i måten vi jobbar på i forvaltninga, og det betyr noko for sluttbrukarane. Dessutan er det takhøgde og handlingsrom til å foreslå ting utanfor «boksen». I sum fører dette til at vi kan ha det litt travelt når vi må, men også romsleg når det er høve til det.
Han understreker at dette ikkje betyr at folk i Digdir er ei homogen samling byråkratar som alltid tenkjer likt.
- Tvert imot, vi kan vere rykande ueninge på eit fagleg plan, men eg opplever at det er god kultur for å skille mellom faglege diskusjonar og at vi er ulike som menneske. Vi har ein god miks mellom godt erfarne tilsette og unge folk, og det er slikt som skapar god dynamikk. Vi er heldige som kan spele på ulik erfaringar og kompetanse, for til sjuande og sist blir resultatet best når vi får sett på ting frå ulike vinklar.
- Ditt råd til folk som vurderer å søke jobb i Digdir?
- Ikkje nøl! Du vil trivast i Digdir. Her får du rom til å vekse og utvikle deg, og det er rom for å prøve og feile. For alle vil at du skal lukkast, det er berre slik vi kan bli betre som organisasjon.