Frå oversettar til internasjonal koordinator
Noreg har ei digitaliseringsreise og ekspertise som andre land ønsker å lære av. Digdir blir ofte spurt om å dele dele kunnskap og bidra internasjonalt. – Det betyr at vi har ei stemme og kan påvirke utviklinga ute i verda, seier Sarah Hails Gjelsten.
Namn: Sarah Hails Gjelsten
Stilling: Fagdirektør, internasjonal koordinator
Avdeling: Kommunikasjon
Stad: Leikanger
Jobbar med: Digdirs internasjonale aktivitetar

Det var mens Sarah studerte til ein master i offentleg forvaltning og leiing på Høgskolen i Volda i 2004, at ho landa jobben for å lage den første vegvisaren til offentleg informasjon på engelsk, Norway.no. På den tida skulle «alle» land bygge nasjonale innbyggarportalar, og Sarah utkonkurrerte 200 søkarar til stillinga. Det var Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som hadde fått oppdraget å drifte Norge.no, som seinare vart til Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi), i dag Digdir.
– På den tida hadde få offentlege etatar nettsider med informasjon på norsk, for ikkje å snakke om engelsk, så det vart ein del gründerarbeid, seier Sarah.
– Eg jobba tett med oversettartenesta i UD og kom tidleg i gang med samarbeid og kunnskapsdeling om nasjonal portalutvikling med dei andre nordiske og baltiske landa. Arbeidet til Canada og Storbritannia var også av interesse, og gjennom jobben fekk eg etter kvart eit godt nettverk internasjonalt, fortel Sarah.
Må vere på banen
I dag er ho fagdirektør og internasjonal koordinator i Digdir. Ho har også ansvar for Digdir sitt bidrag i koordineringa av norsk deltaking i EUs DIGITAL Europa-program i samarbeid med Innovasjon Noreg, Noregs forskningsråd og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. DIGITAL-programmet varer fram til 2027, og EU har satt av over åtte milliardar euro til å støtte realisering av eitt digitalt Europa.
EØS-landet Noreg er ein aktiv bidragsytar i DIGITAL og andre EU-program. Samarbeidet er viktig for å dra nytte av ekspertise på tvers av grensene, det gjeld også Noreg som har mykje å lære av andre land.
Sarah meiner difor at alle i Digdir kan dra fordel av å ha eit internasjonalt perspektiv på jobben sin. Det er viktig å følge med på kva som skjer internasjonalt – men minst like viktig å ha strategiske mål for internasjonalt samarbeid.
– Vi må vere på banen, vi må delta på den europeiske og globale scenen der digitalisering og it-politikk blir utforma. Elles blir ikkje norske behov og verdiar ivaretatt, seier Sarah.
Vi må vere på banen, vi må delta på den europeiske og globale scenen der digitalisering og it-politikk blir utforma. Elles blir ikkje norske behov og verdier ivaretatt
– Kva likar du best med jobben?
– Å møte folk som gløder og er engasjert i å ivareta det gode som menneske kan skape saman. Digitalisering er ikkje eit mål i seg sjølv, men å få til noko som gjer livet betre for folk og samfunn, og utviklinga må ta vare på viktige verdiar. Eg er stolt over digitaliseringssamarbeidet vi har fått til i Europa og Norden, ikkje minst at mangfold i felleskapet blir ivaretatt. Personleg er eg ekstra glad når eg ser at det norske språket blir ivaretatt i EUs digitale løysingar.
Noreg viser veg
Over fleire år har Noreg tatt posisjon på fleire område. Vi har sterke fagmiljø, eksempelvis på elektronisk identitet (eID) der Digdir er langt framme internasjonalt. Dette er bakgrunnen for at Digdir saman med ei gruppe andre land har ei leiarrolle i arbeidet med digital lommebok i Europa.
– Noreg er spesielt gode på det vi kaller tillitstenester og å ivareta openheit og transparens. Det betyr at vi gir eit viktig bidrag til politikkutforminga, seier Sarah.
Alle får til mykje meir når ein samarbeider. På same måte som vi har digitale fellesløysingar som løyser felles behov på tvers av sektorar og forvaltningsnivå i Noreg, handlar samarbeidet i Europa om å digitalisere på ein måte som fungerer over landegrenser.
– Da er vi nødt til å følge med på kva som skjer, ikkje minst i tider med store endringar geopolitisk. Eit aktuelt eksempel er utviklinga i bruk av kunstig intelligens der både demokratiske verdiar, tillit og innbyggerrettigheiter er i spel. Dette er norske og europeiske verdiar som vi faktisk må kjempe for.
Ut og skaffe venner
– Kva for ferdigheiter er viktige for den som vil jobbe med internasjonale spørsmål?
– Først og fremst evnen til å sjå det store bildet, forstå det internasjonale landskapet, forstå korleis forvaltninga i Noreg og Europa fungerer, korleis it-politikk og digitalisering formast. Du må kunne etablere dei rette kontaktane, bygge innsikt og nettverk, oversette betydninga av internasjonale utviklingar for Noreg og formidle dette til sentrale aktørar og beslutningstakarar i Noreg og utlandet.
Sarah understreker at ein aldri må gløyme at ein er Noreg si stemme når ein sit ved møtebordet i utlandet.
– Dette er diplomati, der ein viktig del av jobben er å gå ut og skaffe venner. Og det er ekstra viktig for eit land som oss som ikkje er medlem i EU, og nettopp av den grunn må sikre eit godt forhold til landa som vi er gjensidig avhengige av.
Glødande språkinteresse
Sarah sin veg til Digdir startet altså i si tid med glødande språkinteresse. Etter at ho fullførte bachelorstudia i europeisk historie og moderne språk, med hovudvekt på norsk, heime i Storbritannia, forska ho på norsk barne- og ungdomslitteratur med stipend frå Noregs forskningsråd. Ho jobba i Noreg som oversettar av norsk skjønnlitteratur og underviste i engelsk og norsk på vidaregåande nivå.
– Har du ein funfact om deg sjølv?
– Eg er over middels opptatt av språk. I tillegg til norsk har eg også studert japansk og kan italiensk. Eg har oversatt Jostein Gaarder sin roman «Kabalmysteriet» da den skulle gis ut i USA, og eg har oversatt teikneseriane Pondus og Nemi som vart trykt i gratisavisa Metro i London!