Hopp til hovudinnhald

Jobbe i Leikanger

Her ved Sognefjorden, med spektakulær utsikt over fjord og fjell, skjer ein sentral del av utviklingsarbeidet for dei digitale fellesløysingane frå Digdir.

Ellen Marie Langen
Mellom fjord og fjell på Vestlandet er det kort veg til storslåtte naturopplevingar.

Visste du at...

Leikanger er ein av fleire tettstader i Sogndal kommune?

12 496

innbyggarar i kommunen

40
km

til nærmaste flyplass

200

fjelltoppar over 1000 meter i Sogn

Levande lokalsamfunn

Leikanger er ein del av Sogndal – ein kommune i vekst og utvikling. Regionsenteret har store og små arbeidsplassar, eit vitalt næringsliv, flyplass, ein stor høgskule, kulturaktivitetar og eit rikt idrettsmiljø som er lett tilgjengeleg.

Har du smårollingar, kan du finne barnehageplass i alle delar av kommunen - og vi er kjent for å ha skular av høg kvalitet.

Her i Sogn er det kort avstand til storslåtte naturopplevingar og gode tilbod til deg som liker deg på fottur, terrengsykkel eller ski. Langs Sognefjorden har vi eit godt "innlandsklima" som gjerne er prega av sol og varme somrar, noko som gjer regionen ideell for dyrking av frukt og bær.

Sterke fagmiljø

Digdir i Leikanger har sterke fagmiljø på elektronisk identitet, digitalt innsyn, meldingsutveksling og andre fellesløysingar. Det handlar om å skape ein enklare digital kvardag for alle.

Spennet i kompetanse strekker seg frå teknisk utvikling, drift og sikkerheit, til strategi, juss, rettleiing og innovasjon. Når EU skal revolusjonere eID-løysningane for sine borgarar, ser dei til offentleg sektor i Noreg og lyttar til råd frå Digdir.

Nye kontorlokale

Digdir på Leikanger er i vekst, og vi er i ferd med å vekse ut av dagens kontorlokale i Skrivarvegen. Difor er vi i gang med å planlegge flytting. Frå nyttår 2026 er vi over i nye og moderne lokale i Askedalen i Leikanger.

Både dagens og nye lokale har gode møtefasilitetar, flott kantine og treningsrom. Det er gode parkeringsforhold og busstilbod.

Person som stuper i fjorden
Kvar sommar har vi ei gruppe IT-studentar samla til DidgirCamp i Leikanger. Bading i fjorden er populært - men frivillig!
Foto: Digdir