Vilkår for Digitaliseringsdirektoratet sine arrangement
Desse vilkåra gjeld ved deltaking på Digitaliseringsdirektoratet sine arrangement.
Bindande påmelding
Påmeldinga er bindande etter at påmeldingsfristen er gått ut. Fram til påmeldingsfristens utløp kan du melde deg av via lenke i e-posten med stadfestinga av arrangementet. For Digitaliseringskonferansen gjeld eigne vilkår som oppgitt ved påmelding til konferansen.
Tildeling av plass
Dersom talet på påmeldte blir større enn kapasiteten på arrangementet, vil Digitaliseringsdirektoratet prioritere påmeldte eller be verksemdene som har fleire påmeldte, prioritere plassene. Digitaliseringsdirektoratet reserverer seg retten til å prioritere plassane på enkelte arrangement for å få ei god samansetning av deltakargruppa.
Dekking av utgifter
Utgifter til fagleg innhald og praktisk gjennomføring av arrangement og program dekkes av Digitaliseringsdirektoratet. Det er derfor ingen deltakaravgift for deltakarane med mindre det er særskilt opplyst om dette.
For dei fleste konferansar vil det vere ei deltakaravgift. Utgifter til reise og opphold dekkes av verksemdene.
Økonomisk ansvar
For arrangement hvor Digitaliseringsdirektoratet har deltakeravgift, vil faktura bli sendt direkte til verksemda di.
Avlysning
Digitaliseringsdirektoratet reserverer seg retten til å avlyse planlagde arrangement. Påmeldte deltakarar vil bli informert straks. Eventuelle indirekte kostnadar, som f.eks. reise- og opphaldsutgifter, kan ikkje belastast Digitaliseringsdirektoratet dersom varsel om avlysing blir gitt frå Digitaliseringsdirektoratet innan 2 dagar før oppstart, eller avlysninga kjem av forhald som ligg utanfor Digitaliseringsdirektoratet sin kontroll.
Film og foto
Det er heilt frivillig å stille opp på bilete, film eller lydopptak. Du kan når som helst be om innsyn, retting, avgrensing og sletting av dine personopplysningar. Digdir er behandlingsansvarleg.
Ønskjer du på noko tidspunkt å trekke samtykket ditt, kan du kontakte kommunikasjonsavdelinga i Digdir på redaksjonen@digdir.no eller ta kontakt med vårt personvernombod på personvernombud@digdir.no.
Personopplysningar ved påmelding
Formålet med registreringa er å gi Digitaliseringsdirektoratet som arrangør nødvendig informasjon for korrekt registrering og administrasjon av deltakarar på sine arrangement (kurs, seminar, webinar m.m.) samt forbetre tilbod og kvalitet på arrangementa, og leggje til rette for deltakarar med særskilte behov (til dømes matallergi).
Dette blir registrert om deg:
- Namn (fornamn, etternamn)
- Mobilnummer
- E-postadresse
Ved behov kan dette også registrerast om deg:
- Verksemd
- Rolle/stilling
- Eventuell informasjon om matallergi, funksjonsnedsetjing eller andre behov
- Oppmøte/deltaking
- Deltakaren si evaluering av arrangement
Behandlingsgrunnlag følgjer av Personvernforordninga 6 (1) b) behandlinga er nødvendig for å oppfylle ein avtale som den registrerte er part i, eller for å gjennomføre tiltak på den registrertes anmodning før ei avtaleinngåing.
Rettsleg grunnlag for behandling av informasjon om matallergi og funksjonsnedsetjing følgjer av Personvernforordninga 9 (2) a), den registrerte har gitt uttrykkjeleg samtykke til behandling av slike personopplysningar.
Dine personopplysningar vil ikkje bli overført til andre verksemder. Namn og verksemd kan bli gjort tilgjengeleg på deltakarlistar som delast til deltakarar og instruktørar. Personopplysningar blir lagra fram til fakturering, nødvendig statistikk og rapporteringar er gjennomført. Checkin er leverandør for påmeldingsløysinga. Digitaliseringsdirektoratet bruker telefonnummera og e-postadressene til å kommunisere til påmelde via Checkin eller Digdirs e-postklient. Ved å melde deg på samtykker du til å motta informasjon via Checkin. Digitaliseringsdirektoratet bruker e-postadressene til å distribuere evalueringar i etterkant av kurs og seminar via vår leverandør, Questback. Ved å melde deg på samtykker du til å motta informasjon via Questback.
Påmeldingssystem – store konferansar
Formålet med registreringa er å gi Digitaliseringsdirektoratet som arrangør nødvendig informasjon for korrekt registrering og administrasjon av deltakarar på sine store konferansar, leggje til rette for deltakarar med særskilte behov (il dømes matallergi), byggje nettverksarena, samt forbetre tilbod og kvalitet på arrangementa.
Dette blir registrert om deg:
- Namn (fornamn, etternamn)
- Mobilnummer
- E-postadresse
- Verksemd
- Rolle/stilling
Ved behov kan dette også registrerast om deg:
- Eventuell informasjon om matallergi, funksjonsnedsetjing eller andre behov
- Fakturainformasjon, dersom du har valt faktura som betalingsmåte (Fødselsnummer er registrert viss du vel å betale privat.)
- Oppmøte/deltaking
- Deltakarar si evaluering av arrangement
Behandlingsgrunnlag følgjer av Personvernforordninga 6 (1) b). Behandlinga er nødvendig for å oppfylle ein avtale som den registrerte er part i, eller for å gjennomføre tiltak på den registrerte sin førespurnad før ei avtaleinngåing. Rettsleg grunnlag for behandling av informasjon om matallergi og funksjonsnedsetjing følgjer av Personvernforordninga 9 (2) a), den registrerte har gitt uttrykkjeleg samtykke til behandling av slike personopplysningar.
Dersom éin person melder på fleire deltakarar samtidig, gjer vi merksam på at den som utfører påmeldinga samtykker på vegne av dei som meldast på. Personopplysningar vil ikkje overførast til andre verksemder. Namn og verksemd kan bli gjort tilgjengeleg i eksempelvis konferansens webapp, dette avgrensar seg til namn og verksemd og ikkje kontaktinformasjon. Personopplysningar blir lagra fram til nødvendig statistikk og rapporteringar er gjennomført. Ved konferansar bruker Digitaliseringsdirektoratet Checkin og ein annan ekstern leverandør som databehandlar. Digitaliseringsdirektoratet nyttar telefonnummera og e-postadressene til å kommunisere til påmelde via Checkin og ein annan ekstern leverandør. Ved å melde deg på samtykker du til å motta informasjon via Checkin og ein annan ekstern leverandør.
Digitaliseringsdirektoratet bruker e-postadressene til å distribuere evalueringar i etterkant av kurs og seminar via vår leverandør, Questback. Ved å melde deg på samtykker du til å motta informasjon via Questback.
Samtykkeerklæring - innleiar på konferanse i Digdir
Når du stiller opp som innleiar på ein konferanse i regi av Digitaliseringsdirektoratet treng vi ditt samtykke til å:
- Ta bilete, film eller lydopptak av deg.
- Lagre biletet, filmen eller lydopptaket i inntil 4 år, eller lenger etter avtale.
- Publisere ditt bilete, film eller lydopptak i Digdir sine kanalar (nettside, nyheitsbrev, sosiale medium, i presentasjonar).
Dersom det er medarrangørar på konferansen omfattast også medarrangørane sine kanalar av samtykket på lik linje med Digdirs.