Status på tiltaka i handlingsplanen for auka digital inkludering
Tiltaka i handlingsplanen går på tvers av sektorgrenser og forvaltningsnivå. Innsatsområda er den digitale grunnmuren, tilgjengeleg ikt-utstyr, grunnleggande digitale ferdigheiter, brukarvennlege digitale tenester og digital dømmekraft. Planen har også tiltak på tvers av innsatsområda.
Status ved utgangen av desember 2024
Scoren under viser kor stor prosentdel av tiltaka på kvar av innsatsområda som anten er planlagde starta opp, er i gang og i rute, eller ferdig gjennomførte. Oversikten vert løpande oppdatert etter kvart som vi innhentar meir komplett rapportering.
Den digitale grunnmuren
Tilgjengeleg ikt-utstyr
Grunnleggande digitale ferdigheiter
Brukarvennlege digitale tenester
Digital dømmekraft
Total score
Kort oppsummert
Den digitale grunnmuren:
- 7 av 10 tiltak er i rute eller gjennomførte.
- Eitt har ikkje starta opp, eitt er forsinka og eitt har vi ikkje status på.
Tilgjengeleg ikt-utstyr:
- Ingen av dei 4 tiltaka er igangsette.
Grunnleggande digitale ferdigheiter:
- 12 av 13 tiltak er planlagt starta opp, er i rute eller gjennomførte.
- Eitt av tiltaka har vi foreløpig ikkje status på.
Brukarvennlege digitale tenester:
- 19 av 28 tiltaka er i rute eller gjennomførte.
- Fem har ikkje starta opp, to er forsinka og to har vi foreløpig ikkje status på.
Digital dømmekraft:
- 3 av 6 tiltak er i rute.
- Tre av tiltaka har vi foreløpig ikkje status på.
Tverrgåande tiltak:
- 5 av 9 tiltak er planlagt starta opp, er i rute eller gjennomførte.
- To har ikkje starta opp, eitt er forsinka og eitt manglar vi foreløpig status på.
Merk at ein del av tiltaka er løpande verksemd, og vil aldri få status fullført, for eksempel tilsyn med universell utforming av ikt. Det er difor summen av planlagt igangsette, tiltak som er i rute eller gjennomførte som viser korleis vi ligg an med måloppnåing.
Vi arbeider fortløpande med å få oversikt over tiltaka vi per no ikkje har status på.
Ansvarlege for tiltak i planen:
- Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD)
- Kulturdepartementet (KUD)
- Kunnskapsdepartementet (KD)
- Digitaliseringsdirektoratet (Digdir)
- Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir)
- Nasjonal kommunikasjonsmynsighet (Nkom)
- Norsk senter for informasjonssikring (Norsis)
- Helsedirektoratet
- Kommunenes organisasjon
- Seniornett