Digitaliseringskonferansen i 2021 var den 13. i rekka og vart gjennomført som eit heldigitalt arrangement. Omlag 1000 deltakarar følgde konferansen.
Tema for konferansen var «Saman for ein enklare digital kvardag» – om korleis vi i samarbeid kan levere betre offentlege tenester for innbyggarane, næringslivet og organisasjonslivet.
Eit hovudspørsmål var kva skal til for å nå målet om éin digital offentleg sektor. Første dag ga oss det store bildet med konkrete eksempel og beste praksis. Dag to inviterte vi til djupdykk på tre viktige tema: Samanhengande tenester, det digitale økosystemet og informasjonssikkerheit. Vi la også til rette for at utstillarar kunne profilere seg med utstillingsplass.
Toppnamn
Blant bidragsytarane på konferansen var statsminister Erna Solberg, distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland, skattedirektør Nina Schanke Funnemark, dagleg leiar Liv Dingsør i DigitalNorway, konsernsjef Geir Håøy i Kongsberggruppen og Unit-direktør Roar Olsen med fleire. Konferansen vart leia av Siri Lill Mannes.
Ein av programpostane som gjorde sterkt inntrykk på mange (inkludert Digdir-direktør Steffen Sutorius) var møtet med Christian Fischer Paulsen. Ein ung mann som har opplevd å miste far sin, og dei store utfordringane som følgde då han saman med mor si skulle finne ut av privatøkonomien og andre forhold som far hadde teke hand om i alle år.
Sjå intervju med Christian Fischer Paulsen
Digitaliseringsprisen til Folkehelseinstituttet
Folkehelseinstituttet vart belønna med Digitaliseringsprisen 2021 for MSIS-labdatabasen som har vore avgjerande for kampen mot koronapandemien. Løysinga gir nær sanntidsdata til helsestyresmaktene, noko som gjer det mogleg å respondere raskt på nye smitteutbrot både nasjonalt og lokalt. Løysinga sørgar også for raskare og meir effektiv smittesporing.
Dei to andre finalistane var Bufdirs nye portal for bekymringsmeldingar til barnevernet og Kystverkets fellesløysingar for forvaltning av norske kyst- og havområde.