SSA er standardavtalar for områda IT-anskaffingar, konsulenttenester og elektronisk informasjonsformidling.
Standarden inngår i følgjande bruksområde:
Er SSA obligatorisk eller tilrådd?
Sjå tilhøyrande bruksområde for informasjon om når standarden skal brukast.
Kort om Statens standardavtalar (SSA)
Standardavtalane som i dag går under namnet Statens standardavtalar (SSA) vart i si tid utforma av Statskonsult, men blir i dag forvalta av Digitaliseringsdirektoratet. Føremålet med desse er å vareta kundeinteressene til leverandørane og offentlege verksemder på ein balansert måte. Vi finn slike standardavtalar på tre område:
- IT-anskaffingar
- konsulenttenester
- elektronisk informasjonsformidling.
Kvifor nytte SSA?
Standardavtalane har i samanlikning med andre liknande avtalar kome godt ut, og dei er utvikla over lang tid. Senter for rettsinformatikk har delteke i tenkinga rundt utviklinga, og avtalane har vore kvalitetssikra gjennom ei rekkje høyringsrundar. Avtalane har vorte tekne i bruk i stor skala i offentleg sektor, med gode resultat.
Avtalane dekkjer eit breitt område. Strukturen i avtalane er einsarta, slik at brukarane lett vil kjenne seg att.
Fakta om standarden
Versjonsnummer: SSA versjon 2015
Type standard: Organisatorisk
Språk: Norsk
Organisasjon: Digitaliseringsdirektoratet