Digitale tenester i staten - statuskartlegging
Rapporten byggjer på ei statuskartlegging gjennomført av Difi i 2011, og gjev eit bilete av kor langt ein er kommen med digitalisering av statlege innbyggarretta tenester våren 2013.
Kartlegginga er gjort gjennom manuell registrering av statlege innbyggarretta tenester på nett, det er registrert om desse er digitale tenester eller «skjema på nett». «Skjema på nett» vil sei tenester som ikkje har ein elektronisk innsendingsknapp, men som må lastast ned, fyllast ut og sendas inn enten per post eller som vedlegg til e-post. Desse tenestene reknar vi ikkje lenger som digitale tenester.
Kartlegginga viser at svært mange innbyggarretta digitale tenester fortsatt er «skjema på nett», og vi meiner potensialet for auka digitalisering er stort.