Privat bruk av sosiale medium
Gjennom ytringsfridomen har offentleg tilsette ein grunnlovsfesta rett til å ytre seg fritt. Når verksemder og tilsette kommuniserer i dei same kanalane, kan det vere nødvendig å tydeleggjere rollene.
Sosiale medium er ei aukande kommunikasjonsform blant verksemder, organisasjonar og privatpersonar. Dette reiser nokre problemstillingar rundt rett bruk for offentleg tilsette:
- I nokre samanhengar ønsker arbeidsgivaren å pålegge tilsette å bruke sosiale medium. I kva grad kan dei gjere dette?
- I nokre samanhengar kan arbeidsgivaren meine det er uheldig at tilsette ytrar seg på sosiale medium. I kva grad kan dei avgrense det?
Temaet privat bruk har som mål å klargjere kva slags prinsipp som bør gjelde for tilsette sin private bruk av sosiale medium. Prinsippa kan med fordel bli supplerte med verksemda sine eigne interne retningslinjer for sosiale medium.
Prinsipp
Grunnlovas § 100 gir alle rett til å ytre seg fritt. Dette gjeld også tilsette i offentleg forvaltning. Sosiale medium er likestilt med andre kommunikasjonsformer.
Ytringsfridomen er i enkelte tilfelle avgrensa av andre lover. Desse avgrensingane omfattar mellom anna hatefulle ytringar, diskriminering (straffelova) og teieplikt (offentleglova).
For å bidra til ein opplyst offentleg debatt, er det verdifullt at offentleg tilsette bidreg med sin kunnskap og sine erfaringar.
Arbeidsgivaren kan ikkje pålegge ein tilsett å bruke sosiale medium privat, eller pålegge den tilsette å bruke sine private kontoar i sosiale medium i jobbsamanheng.
Lojalitetsplikta til arbeidstakaren går ut på at arbeidstakaren må opptre i samsvar med verksemda sine legitime interesser. Som arbeidstakar i staten har du ei lojalitetsplikt til arbeidsgivaren, som er skildra i Etiske retningslinjer for statstenesta (regjeringa.no). Lojalitetsplikta til arbeidsgivaren gjeld også når du uttalar deg som privatperson.
Er du leiar eller tilsett med ei rolle som knyter din person tettare til arbeidsgivaren enn andre, vil du alltid bli forbunden med rolla di som tilsett, også når du uttalar deg som privatperson.
Sjølv når du uttalar deg som privatperson, gjeld lojalitetsplikta og avgrensningane i ytringsfridomen.
Når du likar, kommenterer, deler, brukar symbol eller på andre måtar engasjerer deg i sosiale medium, blir handlinga di kommunisert ut til følgarane dine. Du må difor behandle slike handlingar som ordinær kommunikasjon i sosiale medium.
Roller
Arbeidsgivar
Som arbeidsgivar har du ansvar for dine tilsette. Du blir definert som arbeidsgivar dersom du utbetaler løn eller anna godtgjersle eller ytingar. Ein arbeidsgivar har ansvar for å fordele, organisere og leie arbeidet. Arbeidsgivaren leier sine tilsette.
Som leiar har du ansvar for å følge opp og å framstå som en rollemodell for medarbeidarane dine. Det er difor viktig at du som leiar er varsam når det gjeld eiga oppførsel i sosiale medium.
Tilsett
Som tilsett har du eit sjølvstendig ansvar for å bidra til at verksemda si tillit og omdømme blir teken vare på.
Som tilsett har du plikt til å utføre oppgåvene dine og opptre utad på ein etisk forsvarleg måte, og slik at det ikkje skader omdømmet til verksemda.
Enkelte tilsette kan ha ei rolle som knyter deira person tettare til arbeidsgivaren enn andre tilsette. Dette kan for eksempel kome av at dei har ei stilling med spesielt ansvar, spesiell kompetanse eller ofte opptrer på vegner av arbeidsgivaren i media. Har du ei slik rolle, bør du vere bevisst på di eiga oppførsel.
Aktuelle bestemmingar
§ 100 i Noregs grunnlov sikrar at alle har rett til ytringsfridom og tilgang til offentleg informasjon.
Grunnlova §100 (lovdata)
Menneskerettslova skal styrke menneskerettane si stilling i norsk rett, jamfør § 1 i lova.
Menneskerettane handlar mellom anna om retten til liv og sikkerheit, fridom frå tortur, rett til privatliv, vern mot diskriminering, tanke- og religionsfridom, ytringsfridom, rett til arbeid, helse og velferd.
Menneskerettslova (lovdata)
Straffelova avgrensar ytringsfridomen på følgande punkt:
Truslar
Å true nokon med ei straffbar handling, slik at han som blir trua kjenner ein alvorleg frykt, kan bli straffa med fengsel i eitt år, etter § 263 i straffelova.
Hatefulle ytringer
Å komme med diskriminerande eller hatefulle ytringar offentleg, munnleg, skriftleg eller ved bruk av symbol, kan ifølge straffelova bli straffa med bot eller fengsel i inntil 3 år. Å komme med hatefull ytring til ein eller fleire personar kan bli straffa med bot eller fengsel i inntil 1 år.
Med diskriminerande eller hatefull ytring meinar ein det å true eller håne nokon, eller fremme hat, forfølging eller vanvørdnad overfor nokon på grunn av deira a) hudfarge eller nasjonale eller etniske opphav, b) religion eller livssyn, c) homofile orientering, eller d) nedsette funksjonsevne.
Det er framleis eit krav at den diskriminerande ytringa er uttalt offentleg, jf. § 10 i straffelova 2005. "En handling er offentlig når den er foretatt i nærvær av et større antall personer, eller når den lett kunne iakttas og er iakttatt fra et offentlig sted."
Kva ein kan rekne som eit større tal personar, er definert i lovforarbeida til den nye straffelova, nemleg Ot.prp. nr. 90 (2003–2004), kap. 12.2.2:
"Det sentrale er ikke hvordan budskapet er formidlet, men om det skjer på en måte som er egnet til å nå et større antall personer, dvs. mer enn ca 20–30."
Det vil seie at sjølv om du legg ut ei melding i ei lukka gruppe, så blir informasjonen rekna som offentleg dersom gruppa har fleire enn 20–30 medlemmer.
Pornografi
Å spreie pornografi med vitande og vilje, gi pornografisk innhald til personar under 18 år eller halde foredrag med pornografisk innhald kan bli straffa med bot eller fengsel i inntil 3 år.
Straffelova (lovdata)
Lov om behandling av personopplysningar, også kjent som personopplysningslova, regulerer mellom anna under kva føresetnader personopplysningar kan bli offentleggjorde. Lova seier at personopplysningar kan bli behandla utan den registrerte sitt samtykke for journalistisk og opinionsdannande føremål (§ 7), og oppfyller grunnkrava til behandling av personopplysningar (§ 11).
Personopplysningslova (lovdata)
EU si forordning for personvern, The General Data Protection Regulation (GDPR), blei norsk lov i 2018. Det førte til at vi fekk nye reglar for personvern i Noreg. Det nye regelverket gir verksemder nye plikter og enkeltpersoner nye rettar.
Varsling av kritikkverdige tilhøve
På grunn av utryggleik hos arbeidstakaren til korleis arbeidsgivaren imøtekommer varsling, kan desse komme til uttrykk i sosiale medium. Arbeidstakaren har rett til å varsle om kritikkverdige tilhøve i samsvar med verksemda sine rutiner.
Arbeidstakar har rett til å varsle om kritikkverdige til høve i verksemda der dei jobber så lenge dei går fram på en forsvarleg måte utan at dette da skal gjengjeldast av arbeidsgivaren. Dette gjeld uansett om du er fast eller mellombels tilsett. Det er eigne reglar for embetsmenn.
Vern mot diskriminering
Det finst også ei rekke avgrensingar av ytringsfridomen i kapittel 13, «Vern mot diskriminering».
Arbeidsmiljølova (lovdata)
Statstilsette har etter §13 i forvaltningslova teieplikt om personlege tilhøve, tekniske innretningar og framgangsmåtar og drifts- og forretningstilhøve som er av betydning for konkurransen. Dette gjeld også etter at arbeidstilhøvet er avslutta.
Forvaltningslova (lovdata)
Etisk kvalitet på tenesteyting og myndigheitsutøving er ei føresetnad for at innbyggarane skal ha tillit til statstenesta. Målet med dei etiske retningslinjene er at alle statstilsette skal være bevisste på dette. Kapittel 3 – Openheit omhandlar ytringsfridom.
Etiske retningslinjer for statstenesta (regjeringa.no)
Ressursar
Opptak frå seminar om lojalitetsplikt og ytringsfridom
Åpning ved kommunikasjonsdirektør Onar Aanestad
Presentasjon av veiledningen ved Linda Meskestad, prosjektleder, Difi
Kommentar til veiledningen, Hege Turnes, kommunikasjonsdirektør, NAV
Kommentar til veiledningen, Jon Wessel Aas, advokat, Bing Hodneland
Samtale om muligheter og utfordringer i grenseland mellom lojalitetsplikt og ytringsfrihet
Etikk for Walter. E-læringskurs i forvaltningsetikk
Etikk for Walter er eit e-læringskurs i forvaltningsetikk. Dette e-læringskurset hjelper deg til å manøvrere i det etiske landskapet og til å sette dei etiske retningslinjene på dagsorden.
Personvern i sosiale medium
Tenk gjennom kva opplysningar som er private og kva du ønsker å dele
Personvern i sosiale medier (Datatilsynet)
Regulering av ytringsfridomen til dei tilsette
Saka gjeld spørsmålet om ein kommune sitt interne regelverk om tilsette sin rett til å ytre seg offentleg, er i samsvar med gjeldande rett.
Sivilombodsmannen si fråsegn (Sivilombodsmannen)
Erfaringar – praktiske eksempel
Kva erfaringar har andre gjort seg, kva skjedde og kva kan vi lære?
Situasjon
Korleis handtere følgene av å delta i offentleg debatt?
- Nettroll
- Hets
Særleg med omsyn til barn/familie/helse
Kva er dilemmaet?
Kor smart er det å svare på dei som kommenterer på innlegg kun for å lage kvalm?
Moglege løysingar
- Ein let vere å svare
- Ein let vere å legge ut noko / meine noko
- Ein bruker verksemda sine offentlege kanalar framfor private kanalar (større moglegheit for å moderere)
Prinsipp / aktuell bestemming
(kom gjerne med forslag)
Situasjon
- Nær politikarane
- Kritiske ytringar knytt til politiske vedtak – sakleg begrunna, er det ok?
- Ytre seg positivt om politiske vedtak
Kva er dilemmaet?
- Tilhøvet forventningar, politikk og fag
- Rolle, politikk og fag
Moglege løysingar
Kommunisere erfaringar og bygge vidare på gode og mindre gode erfaringar.
Prinsipp / aktuell bestemming
Trene ryggmargsrefleks
Situasjon
- Kan ein seie nei til marknadsføring?
- Skal/må statleg sektor vere til stades på nettsamfunn som er eigd av store internasjonale selskap (som sel vidare)?
Kva er dilemmaet?
- Kva om ein meiner eit tiltak, eksempelvis ei rettleiing, er håplaus, og ein blir beden om å marknadsføre tiltaket?
- Mange verdispørsmål om kven og kva ein treffer. Kva då med dei som fell utanfor frivillig eller ufrivillig?
Moglege løysingar
- Er det rett å be tilsette om dette (privat)?
- Diskutere usemje (= usemjefelleskap)
- Bevisstgjering
Prinsipp / aktuell bestemming
(kom gjerne med forslag)
Situasjon
«Kan ein ta av seg hatten?»
Kva er dilemmaet?
- Ein har skyhøge forventningar om at lesaren skal forstå rolla til den som skriv.
- Sanksjonar?
- Skiljet mellom embetsverk og politikk – folk forstår det ikkje alltid.
Moglege løysingar
Vanskeleg å ta av hatten
Prinsipp / aktuell bestemming
(kom gjerne med forslag)
Situasjon
Frykta for å saksbehandle gjer til at ein er tilbakehalden med å uttale seg i diskusjonar på sosiale medium
Kva er dilemmaet?
- Oppteken av å opptre ryddig, korrekt og lojalt
- Debatten misser eit perspektiv / blir for lite opplyst fordi ein ikkje deltek med fakta
Moglege løysingar
Diskutere / få bistand på jobb for korleis ein kan opptre på ein god måte
Prinsipp / aktuell bestemming
Ytringsfridom vs lojalitetsplikt
Situasjon
Eg er offentleg tilsett og politisk aktiv. Ofte opptatt av fagfeltet eg jobber med til daglig.
Kva er dilemmaet?
Kva har eg lov til, og når blandar eg rollene mine?
Korleis skal arbeidsgivaren tenke, kommunisere og handle:
- Når tek arbeidsgivaren ein samtale?
- Korleis snakke om saka?
Moglege løysingar
Ein situasjon vi kan lære av
Prinsipp / aktuell bestemming
(kom gjerne med forslag)
Situasjon
Generasjonskløft og bruk av sosiale medium og kommunikasjonskanalar
Kva er dilemmaet?
- Ulike kanalar
- Forskjellige synspunkt
- Kva er sosialt akseptert
- Ulike grenser
Moglege løysingar
- Lære av kvarandre
- Samtalar
Prinsipp / aktuell bestemming
(kom gjerne med forslag)
Situasjon
Vi skal omorganiserast, og enkelte tilsette vel å ytre si usemje/misnøye i sosiale medier. Korleis handterer arbeidsgivaren dette?
Kva er dilemmaet?
- Kven skal eg vere lojal mot?
- Kva slags moglegheiter har arbeidsgivaren til å ta til motmæle og imøtegå?
- Går det utover nøytraliteten min å støtte (like, kommentere) posten/kommentaren til ein kollega?
- Viser debatten det fulle biletet, eller vil den vere avgrensande?
- Kva er det beste for:
- Debatten
- Forvaltninga
- Deg som person/tilsett
Moglege løysingar
- Diskuter internt før eksternt (org. interne saker)
- Uttrykke deg internt
Prinsipp / aktuell bestemming
(kom gjerne med forslag)
Situasjon
Ein kommunetilsett ønsker å ytre seg kritisk om kommunen sin politikk innan den tilsette sitt eige arbeidsområde.
Kva er dilemmaet?
Rolle og grense mot lojalitetsplikt
Moglege løysingar
Tydeleg rolleavklaring. Vere sakleg.
Prinsipp / aktuell bestemming
Ytringsfridom/lojalitetsplikt
Situasjon
Den som sit nær ei sak, har gjerne førstehandsinformasjon og gjer debatten rikare og kan løfte den med fakta og sakleghit, men det kan oppstå problem knytt til teieplikt, habilitet og tillit til forvaltninga.
Kva er dilemmaet?
Kvaliteten på den offentlege debatten og privatliv. «Du skal ikkje legge hovudet på blokka».
Moglege løysingar
(kom gjerne med forslag)
Prinsipp / aktuell bestemming
(kom gjerne med forslag)