Søknad om medfinansiering
180,1 millionar kroner skal delast ut i 2025 - no kan du søkja på vegner av digitaliseringstiltaket ditt.
180,1 millionar i potten i 2025
Digdir skal i 2025 dele ut 180,1 millionar kroner til både små og mellomstore digitaliseringstiltak som er samfunnsøkonomisk lønnsame. Søknadsfristen er 7. februar 2025.
Søknadsmalane ligg nedanfor. Ta gjerne kontakt viss du lurer på noko.
Krav til søknader
Ei statleg verksemd må stå som søkjar, andre kan vere samarbeidspartar. Total prosjektkostnad må vere mellom 10 og 100 mill. kr. De kan søke om 50 % medfinansiering.
Prosjektet må vere ferdig med konseptfasen, men ikkje ha kome i gjennomføringsfasen. Prosjektet må vere samfunnsøkonomisk lønsamt.
Dersom tiltaket vedkjem kommunane, skal KS involverast i utarbeiding av søknaden så tidleg som mogleg. KS skal ha frist på minimum 2 veker på å uttale seg, og uttalen skal følgje søknaden. Sjå KS sin kontaktadresse i søknadsmalen.
Vurdering av søknader
Søknadsbehandling går føre seg i to trinn:
Trinn 1: Søknadane blir først rangert ut frå samfunnsøkonomisk lønsemd. Det blir lagt vekt på
- netto noverdi per krone investert
- kvalitative nytteverknader
Det blir deretter gjort ei samla vurdering der også tiltaket si modenheit blir vektlagt og i kva grad tiltaket støttar opp under regjeringa og KS sin digitaliseringsstrategi.
Tiltak som blir prioritert får ei førebels tilsegn om medfinansiering og ein frist for å levere ein gevinstrealiseringsplan.
Trinn 2: Gjennomgang og godkjenning av gevinstrealiseringsplanen
Tiltaka får deretter ei endeleg tilsegn om medfinansiering.
Krav om gevinstrealisering
Gevinstrealiseringsplanen skal vise gevinstar i eiga verksemd og i andre statlege verksemder og kommunar.
Det er eit krav at 50 % av netto gevinst i søkjarverksemda skal realiserast ved reduksjon av budsjettramme. Netto gevinst betyr gevinst fråtrekt varige driftskostnader med ny løysing. Andre statlege verksemder med netto gevinstar over 5 mill. kr. i tiltakets levetid får også 50 % av dette som kutt i sine budsjettrammer.
Gevinstrealiseringsplanen skal ta utgangspunkt i nyttevurderingane i søknaden. Andre statlege verksemder som får vesentlege gevinstar må involverast i planarbeidet. Dersom gevinstar kjem i kommunesektoren, må KS involverast.
Gevinstrealiseringsplanane skal vise både brutto og netto gevinstar, og det må gjerast greie for tiltak for å ta ut gevinstane. Døme på det kan vere nedbemanning, omrokering av personell og oppgåver, endra arbeidsprosessar og informasjonstiltak og opplæringstilbod til dei som skal bruke løysingane. Den samfunnsøkonomiske nytten er ofte avhengig av om mange nok verksemder/kommunar og/eller innbyggjarar tek løysinga i bruk.
Verksemdene må i tillegg gjere greie for korleis dei vil følgje opp og måle at gevinstane blir realisert, til dømes gjennom statistikk over bruk, spørjeundersøkingar osv.