Hopp til hovudinnhald

Universell utforming av sosiale medium

Dei norske lovkrava til universell utforming av IKT-løysingar omfattar alle typar nettstader, inkludert sosiale medium. Verksemder, statlege organ, departement og direktorat er omfatta av krava til universell utforming. Reglane gjeld uansett kor stor avdelinga eller organet er, og øvste leiar sit med ansvaret for at verksemda opprettheld reglane for universell utforming.

    Krava gjeld ikkje for profilsider eller heimesider til privatpersonar. Desse sidene er ikkje retta mot ålmenta, og blir rekna som private.

    Ansvaret for å sikre at publisert innhald på sosiale medium er universelt utforma, ligg hos:

    • personen som aktivt publiserer innhaldet
    • personen som bestiller publikasjonen

    Leiaren for avdelinga har ansvar for at medarbeidarane følger krava.

    Prinsipp

    Det er viktig å forstå at universell utforming ikkje er noko ein kan utføre som ein del av ei sjekkliste på slutten av eit prosjekt (i dette tilfelle publisering). Det er viktig å ta høgde for krav og kvalitet innanfor dette området på lik linje med design, bodskap og målgruppe.

    Ein video med tekst vil nå ut til fleire på sosiale medium. Dette er ikkje berre fordi brukarar med synsvanskar vil kunne få verdi av videoen, men også fordi ein ikkje alltid har høve til å høyre på ein video når ein er på telefon eller på pc. Universelt utforma publiseringar gir meirverdi for fleire enn brukarar med nedsette funksjonsevner, og kan forbetre kommunikasjonen med dei fleste målgrupper.

    Roller

    Alle

    Alle involverte i publiseringsprosessar har eit ansvar for at bilete og video dei publiserer, er universelt utforma i samsvar med krava. Avdeling, stilling og situasjon er underordna. Publiserte innlegg på sosiale medium må følge lovkrava.

    Aktuelle bestemmingar

    Formålet med lova er å fremme likestilling og hindre diskriminering. Lova skal bidra til å bygge ned samfunnsskapte funksjonshemmande barrierar, og hindre at nye blir skapte. Paragraf 18 og 36 viser til krava om universell utforming av ikt, saman med forskrifta om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løysingar.

    Lov om likestilling og forbod mot diskriminering (lovdata)

    Formålet til forskrifta er å sikre universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske løysingar, utan at det medfører ein uforholdsmessig byrde for verksemda. Med universell utforming meinest at utforming eller tilrettelegging av hovudløysinga i informasjons- og kommunikasjonsteknologi er slik at den alminnelege funksjonen til verksemda kan bli brukt av flest mogleg.

    Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løysingar (lovdata)

    Ressursar

    Tilsynet for universell utforming: Informasjon om universell utforming av sosiale medium

    Pass på at du når ut til alle med informasjonen din. Summen av kanalane du brukar, skal gi lik tilgang til informasjon for alle.

    Informasjon om universell utforming av sosiale medium (uutilsynet.no)

    Tilsynet for universell utforming: Universell utforming av video

    Når ein video er teksta, er det mogleg å oppfatte innhaldet for brukarar som ikkje kan høyre, eller som ikkje har tilgang til lyden.

    Universell utforming av video (uutilsynet.no)

    Tilsynet for universell utforming: Generell informasjon om alternativ teksting

    I alternativ bildetekst (alt-tekst) kan du formidle både motiv og lenkemål. Den alternative teksten let deg styre kva som blir presentert for brukarar som har slått av biletvisning, eller som ikkje kan sjå bileta.

    Generell informasjon om alternativ teksting (uutilsynet.no)

    Universell utforming. E-læringskurs for nettredaktørar og skribentar

    Erfaringar – praktiske eksempel

    Kva erfaringar har andre gjort seg, kva skjedde, og kva kan vi lære?

    Situasjon

    Vi vil produsere og publisere ein video med informasjon om det siste tiltaket til avdelinga vår. Videoen er førespegla å vare i 15 minutt og skal innehalde ein talsperson for avdelinga som forklarer kva vi har gjort. Planen er å spele inn og publisere videoen i løpet av fem dagar.

    Løysing

    Videoar med lyd skal tekstast. Teksten skal syna det som blir sagt.

    • I tillegg til å tekste det som blir sagt, kan tekstinga ha med informasjon om kven som snakkar, og korte skildringar av for eksempel lydeffektar og anna lydinnhald som ikkje er tale.
    • Teksting kan anten være bygd inn i videoen slik at tekstinga alltid er synleg, eller tekstinga kan være mogleg å slå av. Dersom det er mogleg å slå av tekstinga, er det enklare å endre teksten i ettertid, og det er mogleg å ha teksting på fleire språk.
    • Tekstinga bør være i same språk som nettsida den ligg på.

    På denne måten kan du presentere innhaldet slik at det blir tilgjengeleg for brukarar som ikkje har moglegheit til å høyre videoen. Da blir det lettare for alle brukarar å finne ut om videoen er relevant for dei. Denne løysinga tek også høgde for personar på jobb, i kollektivtrafikk eller andre situasjonar der lyd ikkje er eit alternativ. Tekstinga må tilby same informasjon som det som blir sagt, og, om nødvendig, gjengi viktige lydar.

    Ein 15 minutt lang video kan vere tungvint å tekste, men mange videoplattformer har innebygde tekstverktøy som du kan bruke. Dersom det er utarbeidd eit tydeleg manus i forkant av videoen, kan du legge det inn som teksting som del av redigeringsfasen eller med innebygde verktøy.

    Alternative løysingar kan innebere å vurdere om informasjonen i videoen er tilgjengeleg på andre måtar, som i for eksempel tekst på nettsida som seier det same. Da kan du lenke til dette. Du kan for eksempel skrive: «Innhaldet i videoen kan du lese meir om på nettsidene våre.»

    Planlegg publikasjonar av video godt, og planlegg korleis du skal tekste videoinnhaldet i god tid før du skal filme og arbeide vidare med videoen.

    Aktuelt prinsipp

    Universell utforming er ein kontinuerleg prosess ein må inkludere i prosessar og reflektere over frå start til slutt.

    Universell utforming handlar om meir enn berre tilgjengelegheit for brukarar med nedsette interaksjonsevner.

    Situasjon

    Ein kommune skal publisere eit bilete på kommunen sitt sosiale medium. Biletet skal leggast ut på alle plattformer. Biletet er meiningsberande og fortel ei historie i kombinasjon med publikasjonsteksten. Eksempel: Eit bilete av utdanningsministeren på talarstolen i Stortinget under ein debatt om kvalitet og forsking i høgare utdanning.

    Løysing

    Biletet skal ha eit tekstalternativ som beskriv viktig informasjon i eller om biletet. For å vere på den sikre sida er det lurt å namngi biletfila med eit relevant namn som enkelt beskriv innhaldet. I tillegg er det tilrådd å beskrive biletet i eit eiga avsnitt under sjølve publikasjonsteksten for å sikre ein tydeleg bodskap.

    Forslag til svar på eksempelet over: Publikasjonsteksten gjer greie for situasjonen rundt biletet, kven som er i biletet og kva som blir debattert. I tillegg finst det ofte funksjonalitet for å legge til ein alternativ tekst til biletet. Som eksempel har både Twitter og Facebook ein funksjon for alternativ teksting.

    Aktuelt prinsipp

    Universell utforming er ein kontinuerleg prosess som ein må inkludere i prosesser og reflektere over frå start til slutt.

    Universell utforming handlar om meir enn berre tilgjengelegheit for brukarar med nedsette interaksjonsevner.