Hopp til hovudinnhald

Vegkart for gjennomføring av tiltak i digitaliseringsstrategien 2024-2030

I september 2024 la regjeringa fram den nye digitaliseringsstrategien «Fremtidens digitale Norge». Digdir skal bidra til at strategien blir gjennomført på ein god måte slik at måla blir nådd.

Sjå presentasjonen av konseptet og formålet med eit vegkart for å få realisert den nye digitaliseringsstrategien. Opptak frå Nokios-konferansen 2024.

Bakgrunn

Regjeringa la fram «Fremtidens digitale Norge» 26. september. Den nye nasjonale digitaliseringsstrategien skal gjelde frå 2024 til 2030.

“Regjeringen vil sørge for en helhetlig og langsiktig prioritering av digitaliseringstiltak i offentlig sektor. Prioriteringen skal bygge på en samlet oversikt over digitaliseringsinitiativ i sektorene, gi forutsigbarhet og vise retning. Den skal bygge på faglige anbefalinger, konsistente og transparente kriterier, og ha et flerårig perspektiv. Prioriteringen skal sikre at midlene går til de områdene med størst behov og som gir størst gevinst for samfunnet.” (digitaliseringsstrategien s. 17)

For å støtte opp under dette utarbeider Digdir eit nasjonalt vegkart.

Vegkart

Nasjonalt vegkart er eit verktøy for å bryte opp kompleksitet og konkretisere strategien. Det skal bidra til at vi løyser dei riktige og viktigaste utfordringane først.

Vegkartet skal vere eit hjelpemiddel til at det etablerast mekanismar for å operasjonalisere, lage underlag for prioritering og finansiering, og koordinere tiltaka på tvers.

Sjølve vegkartet viser kva som er prioritert, har fått finansiering og er i gang. Det skal også vise avhengigheiter mellom tiltak. Digdir vil jobbe for at dei verkemidla vi forvaltar støttar opp under vegkartet.

Det er når vi digitaliserer saman vi verkeleg får gjennomføringskraft, framfor at kvar virksomheit eller sektor digitaliserer for seg. Arbeidet må difor gjennomførast i tett samarbeid på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Betaversjon av nasjonalt vegkart
Betaversjon av nasjonalt vegkart. Digdir jobbar med å utvikle ei løysing som skal gi betre oversikt over tiltaka og avhengigheiten mellom tiltak. For større versjon, last ned pdf-fil nedanfor.

Kontakt

Helle Astrid Stedøy

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 99 20 35 77