Hopp til hovudinnhald

Det er også i år stor interesse for Digitaliseringsprisen i offentleg sektor. I alt 22 nominerte kjempar no om tre finaleplassar. Her kan du sjå heile lista.

Arve Paulsen mottok Digitaliseringsprisen i 2022
I fjor mottok Arve Paulsen Digitaliseringsprisen på vegne av det omfattande samarbeidet bak TISK-IKT. Kven vinn prisen i 2023?
Foto: Khan Le/Digdir

Da fristen for å foreslå kandidatar gjekk ut 17. mars, hadde Digdir motteke 24 nominasjonar. Sidan to av kandidatane hadde fått to nominasjonar, står juryen att med 22 kandidatar som dei no skal vurdere.

– Vi har også i år fått inn svært mange gode forslag. Det dreier seg om fleire store og omfattande digitale løysingar, og mange av desse er samarbeidsløysingar på tvers av offentleg sektor, seier juryleiar Olav Skarsbø.

– Viktige sektorar som helse, samfersel og utdanning er representert, og nivået på mange av dei nominerte løysingane er svært høgt, seier Skarsbø.

No er det opp til juryen å blinke ut dei tre finalistane som skal presenterast på Digitaliseringskonferansen. Vinnaren blir stemt fram av deltakarane på konferansen, og overrekkinga av prisen vil skje under festmiddagen på The Hub i Oslo sentrum 31. mai.

Nominerte verksemder Teneste/løysing
Helsedirektoratet, Bufdir m.fl. DigiUng
Skatteetaten Skattemeldingen
Skatteetaten Obligatorisk tenestepensjon
Statens vegvesen Digital synsattest
Statens vegvesen Trafikk app
Nye veier eGrunnerverv
Entur Salgs- og betalingssystemer
Mattilsynet Eksportløsning
Værnes Respons (15 kommuner) Svartjeneste for trygghetsalarmer og annen helseteknologi
Digitale Helgeland (16 kommuner) Felles søknad om redusert foreldrebetaling i barnehage og SFO
Tønsberg kommune Friskus
Oslo kommune (Bydel Alna) Digihjelpen
Oslo kommune (Bydel Gamle Oslo) LUR - Liten, utfordrende og raske initiativer
Gibbs Sesongbooking for kommuner
Kristiansund kommune Påkopla Hjelpemiddel
Sikt og Utdanningsdirektoratet Løsning for tilgjengelighetserklæring i Feide
Universitetet i Oslo Nettskjema og TSD (Tjenester for Sensitive Data)
Universitetet i Oslo autotekst.uio.no
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) AR5web
Sykehuspartner, Helse Sør-Øst Digital patologi innført ved Sykehuset i Vestfold
Sykehuspartner, Helse Sør-Øst GNIST
Sykehuset Innlandet, Vestre Viken HF Bedre beslutningsstøtte i helsevesenet

Kontakt

Olav Skarsbø

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 90993462