Prisen lyfter fram aktørar som bidreg til å realisere regjeringa sin digitaliseringsstrategi gjennom innovative og effektive løysingar. Regjeringa har klare forventningar om at offentleg forvaltning skal utnytte moglegheitene digitalisering gir til å skape gode og effektive tenester. På Digitaliseringskonferansen heidrar vi dei som har lykkast med å innfri desse forventningane og levere banebrytande resultat. Vinnaren blir kåra under Digitaliseringskonferansen 11. juni.
Kandidatane vert vurderte etter desse kriteria:
- Innovasjon gjennom teknologi
Banebrytande bruk av teknologiar, som til dømes kunstig intelligens, maskinlæring, blokkjede eller IoT, for å skape ny verdi og transformere offentlege tenester. - Effektivisering og gevinstrealisering
Løysingar som bidreg til auka effektivitet, betre ressursbruk eller økonomiske gevinstar gjennom digitalisering, med tydelege fordelar for brukarar og verksemder. Tiltaket skal òg leggje vekt på personvern, datasikkerheit og openheit. - Samanhengande tenester og samarbeid på tvers
Utvikling av saumlause, brukarvenlege tenester som set brukaren i sentrum, på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. Initiativ som fremjar effektivt samarbeid mellom offentlege, private og frivillige aktørar, ivaretar felleskapen sine interesser og som gir konkrete resultat til beste for heile samfunnet. - Berekraft og samfunnsansvar
Prosjekt som bidreg til digital inkludering, universell utforming eller reduserte klimaavtrykk gjennom smarte og innovative løysingar.
Ein jury leia av Digitaliseringsdirektoratet vil velje ut tre finalekandidatar som blir presenterte på konferansen. Sjølve kåringa av årets digitale suksesshistorie blir gjort av deltakarane på Digitaliseringskonferansen gjennom ei digital avstemming.
Nominer din kandidat innan 13. april 2025:
Kven kan sende inn forslag til kandidatar?
- Alle som ønskjer det, kan sende inn forslag til kandidatar.
- Vi oppmodar om at kandidaten blir informert om forslaget før det blir sendt inn.
Kven kan nominerast til prisen?
- Offentlege verksemder, næringsliv, frivillige organisasjonar eller privatpersonar kan nominerast.
- Samarbeid mellom fleire aktørar kan òg nominerast.
Kva er juryen si oppgåve?
- Juryen si hovudoppgåve er å velje ut dei tre beste kandidatane blant dei nominerte, basert på kriteria for prisen. Desse tre blir finalistane til Digitaliseringsprisen.
- Jurymedlemmene kan oppfordre aktuelle kandidatar til å sende inn nominasjon.
- Juryen godkjenner ikkje dei nominerte. Alle kvalifiserte kandidatar kjem på ei liste over kandidatar til Digitaliseringsprisen.
Korleis blir vinnaren vald ut?
- Dei tre finalistane blir presenterte på Digitaliseringskonferansen 11. juni.
- Alle som deltek på Digitaliseringskonferansen, kan stemme på sin favoritt blant finalistane. Kandidaten som får flest stemmer, blir vinnar av Digitaliseringsprisen.
- Vinnaren blir kåra under konferansen og får diplom, heider og ære.