Hopp til hovudinnhald
18. juni 2024
3 minutt å lese

Det siste året har eg vore rundt å lytta til andre sine erfaringar knytt til digitalisering og deira møte med det offentlege. Det er mange eksempel på gode digitaliseringstiltak i offentleg sektor. Men like ofte som eg høyrer dei gode historiene får eg og høyre om det som ikkje fungerer og kva konsekvensar dette har både for den enkelte og for grupper i samfunnet.

Frode Danielsen
Foto: Thomas B. Eckhoff

Se Frodes tale

(Direktør Frode Danielsen sin tale på Digitaliseringskonferansen 18. juni 2024. Framføring kan avvike frå manus.)

Eg har snakka med både unge og eldre som blir utestengt frå å delta på like vilkår fordi dei ikkje får god nok tilgang til digitale tenester. Eg har snakka med næringslivsaktørar som er fortvila over at dei må forholde seg til ein fragmentert offentleg sektor. Og ikkje minst har eg møtt løvemammaene, som fortel om ein kvardag der dei som pårørande til sitt alvorleg sjuke barn har brukt 19 timar i veka på å handtere offentleg byråkrati.

Felles for dei alle er at dei etterlyser ein meir samordna offentleg sektor og at digitale tenester og informasjon er betre tilgjengeleg på tvers.

Tidlegare år har direktøren i Digitaliseringsdirektoratet ganske utfyllande rapportert om status på rikets digitale tilstand her på scena. Vi har sett dei siste åra at til tross for at vi er høgt oppe på mange område, er trenden at andre land går forbi, og at Noreg på fleire område står i ro eller faktisk går i feil retning. I år kjem eg ikkje til å gi detaljert status om Rikets digitale tilstand - den ferske rapporten for 2024 kan de sjølv lese om på våre nettsider.

Det viktige spørsmålet er om vi vi gjer dei rette grepa for å ruste oss for ei framtid med fallande inntekter og økte utgifter, mangel på arbeidskraft, geopolitisk uro og for det grøne skiftet. Dette bekymrar meg langt meir enn om svenskane skulle gå forbi oss på ei måling. Sjølv om eg er grunnleggande optimistisk på vegne av Noreg og utgangspunktet som vi har, er eg også bekymra for om vi forstår alvoret.

For det er nye tider no. Reknestykket for Noreg går ikkje lenger opp. Vi kan ikkje belage oss på at oljeproduksjonen skal finansiere velferden vår i framtida. Utgiftene i staten går betydeleg opp dei neste åra og det blir færre arbeidsføre per pensjonist. Samtidig skal vi gjennomføre det grøne skiftet. Det er krig i Europa, og sikkerheit og forsvar styrkast betydeleg. Det blir rett og slett trongare tider, og vi har altfor lite folk til å løyse alle oppgavene i samfunnet. Dette gir oss heilt andre rammer enn vi har hatt tidlegare.

Min påstand er at dei offentlege styringsstrukturane ikkje er rigga for å handtere tempoet i dagens teknologiutvikling

Og som om ikkje det er nok, veit vi også at det er eit teknologi-kappløp mellom dei mektigaste stormaktane i verda. USA har big-tech selskap som drivast av markedskrefter, der teknologianvending og algoritmar legg press på våre demokratiske verdiar. Og Kina er ein autoritær eittpartistat som bruker teknologi til å overvake og styre innbyggarane. Begge land nyttar digitalisering for å styrke sin militære og markedsmessige posisjon i verden. Og innsatsen deira er tufta på andre verdisett enn det som ligg til grunn i Noreg.

Midt oppi dette står Europa og forsøker å fremme digitalisering basert på demokratiske, og europeiske verdiar. Det vil vera avgjerande viktig for Noreg å støtte seg på arbeidet som skjer i EU, og her må vi vera langt meir offensive enn vi er i dag.

Vi må få fart på digitaliseringa vår, samtidig som vi må prioritere strammare. Vi må bruke pengane på ein måte som gjer at vi leverer meir for mindre, samtidig som vi klarar å halde tempoet oppe. Og vi må omstille oss slik at offentlege tenester til innbyggarar og næringsliv leverast meir samanhengane og effektivt, samtidig som dei er sikre og kan brukast av flest mogleg.

For at våre barn skal nyte godt av dei same velferdstenestene som vi gjer må vi lukkast med denne omstillinga!

Men spørsmålet er kva må vi gjere for å lukkast?

Vi som jobbar med digitalisering må heilt klart bidra tungt for å gjennomføre denne omstillinga. Noreg ligg allereie høgt på statistikken over land som har komme langt med digitalisering. Så då kan vi kanskje lene oss tilbake og tenke at vi er på god veg? Det trur ikkje eg!

Det stemmer at Noreg har gjort det godt innanfor digitalisering i mange år. Men Noreg har hatt godt med pengar, og vi har i stor grad digitalisert godt innanfor kvar sektor. Vi har digitalisert kvar for oss, av og til med nokre fellesløysingar, og med frivillig samarbeid på tvers, men likevel ganske oppstykka. Samanlikna med andre land, ligg vi langt bak når det gjeld felles, tverrgåande digitalisering. Og det er dette som gjer at Noreg skiller seg ut frå andre land som no er i ferd med å dra i frå oss.

Vi har over fleire år bygd opp ein nasjonal digitaliseringsportefølje som er stykkevis og delt:

• Der løysingane ikkje heng godt nok saman, slik at det medfører masse ekstra ressursbruk for dei som skal bruke løysingane
• Der vi har parallelle løysingar som dekker dei same behova
• Der fellesløysingar, som Noreg har brukt masse penger på å utvikle, står i fare for å råtne på rot
• Og der nokon sektorer og offentlege prosjekt vassar i penger til digitalisering, mens andre fortsatt slit med stor teknisk gjeld og manuelle prosessar.

Denne måten å digitalisere på er ikkje bærekraftig - og Noreg kan ikkje fortsette slik.

Det trengs ei stor kursendring, og den trengs raskt.

Eg ønskjer meg ein ny kurs basert på tre endringar:

1. For det første ønskjer eg meg sterkare samordning på tvers av sektorane. I dag er det fortsatt slik at samordning på tvers i for stor grad basert er på frivilligheit og dugnad. Vi må i større grad prioritere fellesskapet sine interesser føre sektorane sine interesser. Og samordninga må virke frå toppen hjå dei som tek dei store avgjerelsane i samfunnet, ned til dei som lagar tenestene som vi alle skal nytte godt av. For å lukkast, må vi som har ansvaret for samordning få sterkare og betre verktøy for å iverksette den tverrgåande politikken. Vi må få på plass verktøy som i større grad gjer at vi kan ta dei rette prioriteringane som virkar godt på tvers av sektorane. For ei slik kursendring kan ikkje kun bserast på frivilligheit og gode intensjonar.

2. For det andre ønskjer eg meg ein nasjonal digitaliseringsportefølje som blir prioritert akkurat så høgt som den fortener og som står høgt på den politiske dagsorden. Ein digitaliseringsportefølje basert på ei samla og tydeleg retning som gir ein betre, meir effektiv offentleg sektor og som legg til rette for verdiskaping i næringslivet. Ein digitaliseringsportefølje som har moderne, sikre fellesløysingar i botn. Der felles behov vert løyst felles. Og ei portefølje som heng saman på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

3. Og for det tredje ønskjer eg meg sterkare virkemiddel for omprioritering mellom sektorane. Undersøkelsar viser at vi i kvar enkelt virksomhet i det offentlege har store utfordringar med å hente ut gevinstar frå digitalisering, og utfordringane er endå større når vi ser på tvers. Blant anna viser rapporten Rikets digitale tilstand at kun 15 % av offentlege verksemder lukkast godt med å realisere gevinstar. Det er 3 av 20. I dag er det ofte slik at kostnadane kjem ein stad og gevinstane ein anna stad. Og gevinstane som vi hentar ut blir ofte teke ut i kvalitetsheving på digitale område som vi allereie er gode og kanskje verdssleiande på. Er det dette som er det mest lønnsomme for samfunnet når vi veit at vi har utfordringar med datakvalitet og infrastruktur på mange områder?

Vi manglar mekanismer for å sjå gevinstane på tvers og rette reinvesteringar mot dei områda som gir størst effekt for samfunnet. For å lukkast framover, meiner eg heilt klart at vi må sjå gevinstar på tvers, ikkje innanfor kvar enkelt sektor. Dette vil kreve heilhetlege og tydelege mål for digitaliseringa, og det vil kreve omprioritering mellom sektorane.

Samanlikna med andre land, ligg vi langt bak når det gjeld felles, tverrgåande digitalisering. Og det er dette som gjer at Noreg skil seg ut frå andre land som no er i ferd med å dra i frå oss

Ein av de sterkaste drivarane som krev at Noreg heng med på teknologikappløpet, er utviklinga innan kunstig intelligens.

Vi har mange gode eksempel på korleis utviklinga innan kunstig intelligens gir betre og meir effektive tenester. For eksempel innanfor helseområdet der ein nyttar teknologien for å betre kreftbehandling, for å raskare identifisere brotskadar og mykje meir. Vi er i ferd med å ta i bruk teknologien til beslutningsstøtte og effektivisere offentleg tenester i mange samanhengar. Og foreløpig er vi berre i startgropa.

Som alle veit går utviklinga innan kunstig intelligens raskt. Mykje raskare enn vi tidlegare har vore vande til. Min påstand er at dei offentlege styringsstrukturane ikkje er rigga for å handtere tempoet i dagens teknologiutvikling. Det er ikkje lenger slik at vi har tid til årelange prosessar der vi planlegg og sikrar finansiering, for så å iverksette prosjekt basert på planar som vi laga fleire år tilbake.

Vi må bli smidigare i korleis vi styrer og finansierer digitaliseringa i offentleg sektor. Vi må som riksrevisoren har peika på legge betre til rette for å dele og gjenbruke data frå det offentlege. Dette er avgjerande viktig for å utnytte potensialet som ligg til kunstig intelligens, både for privat og offentleg sektor. Og for å utnytte potensialet som ligg til teknologien, må vi sjå nye tiltak på tvers i samfunnet – og ikkje stykkvis og delt. Vi må lære av feila vi har gjort før. Om vi ikkje tek aktive grep for å styre og samordne den raske utviklinga rundt kunstig intelligens, vil vi stå i fare for å forsterke siloane som utfordrar oss i offentleg sektor i dag, i staden for å bryte dei ned.

Undersøkelsane som vi har gjort i Rikets digitale tilstand viser at vi har utfordringar med tilliten til dei digitale tenestene i Noreg. Derfor er det ekstra viktig at vi tar i bruk kunstig intelligens på ein ansvarleg og samordna måte som bidrar til å styrke tilliten. Men vi må gjere dette i fart. Stoppar vi opp mister vi kontroll og overlet ein viktig del av samfunnsutviklinga til andre aktørar, og til aktørar som kanskje ikkje vil oss vel. Vi må halde oppe farten, samtidig som vi tar styring.

Lyspunktet er at vi er det landet i verden som har best utgangspunkt for å lukkast. Og det siste året har vi som bryr oss om digitalisering og utvikling av samfunnet fått eit eige digitaliseringsdepartement.

Eg gler meg til den nye digitaliseringsstrategien som kjem. Eg håper den vil hjelpe oss med å få meir ut av pengane som vi investerer, og med å stille sterkare krav til ein samordna offentleg sektor. Eg håper den vil gje oss ei retning som gjer at vi får utnytta potensialet i digitalisering fullt ut.

Om vi ikkje lukkast, er det velferdsstaten som står på spel. Om vi ikkje klarer å halde følgje med teknologiutviklinga, blir grunnleggande demokratiske verdiar sett under press.

Med velferdsstaten og demokratiske verdiar på spel, er ikkje medisinen å fortsette som før – ved å digitalisere kvar for oss. Vi som er her i salen i dag må finne saman – og ta eit felles krafttak – saman må vi frigjere tid og krefter til det viktigaste. Vi har ikkje råd til å la vere.

Takk for meg!

Frode Danielsen
Direktør, Digitaliseringsdirektoratet

Frode Danielsen

Danielsen vart utnemnt til direktør i Digitaliseringsdirektoratet i mars 2023 etter å ha vore konstituert i stillinga sidan november 2022. Han var avdelingsdirektør for digitale fellesløysingar i Digdir i perioden 2021-2022, har jobba med nasjonale fellesløysingar i 15 år, og har mellom anna hatt ei sentral rolle i å bygge opp eit sterkt og leveransedyktig forvaltningsmiljø for løysingane. Danielsen er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen.

Forfattar

Frode Danielsen
Frode Danielsen
Direktør, Digitaliseringsdirektoratet

Kommentarar (1)

H

Henrik N. Ertzeid

18. juni 2024

Veldig godt innlegg/tale. Har i en årrekke jobbet med å digitalisere og automatisere offentlige saksbehandlingsprosesser, og mye strander i manglende digitalisering på tvers av etatene. Vi behøver digitale skatteattester og dokumenter, men mangler hjemmel til å hente de fra skatteetaten. Løsbart, men det tar tid.
Vi behøver også muligheten for digital innhenting og sjekk av vandel (med samtykke fra vandelshaver). Dette har vært etterlyst i over 7 år uten fremdrift i politiet. Da korona-epidemien slo inn over Norge var det stort press fra Utdanningsdirektoratet, via tidligere Kommunal og digitaliseringsdepartementet, for å digitalisere denne prosessen. Dette fordi den var en stor bremsekloss i å få ut vikarer til skoler og barnehager. Statens vegvesen, Forsvaret og andre offentlige etater som hadde etterlyst dette i en årrekke støttet forslaget helhjertet. Men tross presset som korona-epidemien skapte ble det aldri noen løsning på utfordringen.
Nå er dette bare ett eksempel, men jeg er rimelig sikker på at mange offentlige prosesser kunne vært automatisert bare vi hadde fått landet noen av disse kritiske digitale puslebrikkene som mangler.

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
5 + 4 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.