Digitalt utanforskap er ei stadig større utfordring. Korleis kan vi digitalisere betre? På Digitaliseringskonferansen tek vi opp spørsmålet med gjestar frå privat og offentleg sektor, akademia og bransjen.
Utanforskap på digitale flater får store konsekvensar for fleire grupper i befolkninga. Vi veit at mange er digitalt utanfor, men kvifor skjer dette, og korleis kan vi tette gapet?
På andre dag av Digitaliseringskonferansen kan du melde deg på eit eige spor med dette som tema. Da inviterer vi også til eit «inkluderingsråd» leia av Live Nelvik, der du kan ta opp eit dilemma rundt digital inkludering.
Kva kan vi lære av dei store?
- Vi har fått med ei rekke sterke namn for å belyse og diskutere tematikken, blant andre Kristine Dahl Steidel som er Microsoft-sjef i Noreg. I tillegg gler eg meg til å høyre på to av dei store medieaktørane Schibsted og NRK om korleis dei tenkjer og arbeider for å nå flest mogleg med sine tenester, seier tilsynsdirektør Malin Rygg i Uu-tilsynet.
Det blir også innlegg frå Helsenorge og Nav som har skarpt fokus på å legge til rette for å få «alle» med når dei digitale tenestene blir utvikla og gjort tilgjengelege for befolkninga.
Til informasjon og inspirasjon
Seniorforskar Kari Sand frå Sintef bidrar med eit innlegg om «Likeverdige digitale tenester». Sand har bakgrunn som kommunikasjonsforsker (anvendt språkvitenskap), og har særleg forskningsinteresse innafor felt som digitale helse- og velferdstenester, samhandling på mikro- og makronivå i helsevesenet, digitalt utanforskap og digitalt innanforskap.
- Eg ser veldig fram til Digitaliseringskonferansen fordi det er mange høgaktuelle tema som blir tatt opp. Når det gjeld vår bolk på andre konferansedag, kan eg love at den skal bli både til informasjon og inspirasjon, seier Malin Rygg.