Hopp til hovudinnhald

På Digitaliseringskonferansen 2025 får du innsikt i korleis vi skal gjennomføre den nye digitaliseringsstrategien i praksis og skape ein digital transformasjon til beste for samfunnet. Du er no invitert til konferansen 11. og 12. juni på Clarion Hotel the Hub i Oslo. Eller digitalt sjølvsagt.

Digitalisering blir avgjerande for å løyse mange av dei utfordringane vi som samfunn står overfor. Det er behov for omstilling, og vi får færre varme hender i åra som kjem. Vi må samarbeide meir for å få fart på digitaliseringa. Riksrevisoren har også understreka at samarbeid ikkje lenger kan være frivillig, vi må omstille oss i fellesskap. Korleis skal vi få det til?

Dette får du på konferansen

Digitaliseringskonferansen er møteplassen for alle som er opptatt av digitalisering, enten du er frå privat, offentleg eller frivillig sektor. Programmet for konferansen vert oppdatert undervegs.

På konferansen kan du:

  • bli inspirert av leiande ekspertar og beslutningstakarar
  • lære av gode eksempel og få nyttige råd frå offentlege og private verksemder som har lukkast med samarbeid og digital transformasjon
  • møte andre engasjerte deltakarar og få relasjonar som kan ha stor verdi for deg og di verksemd

Meld deg på no

Veit du allereie no at du skal på Digitaliseringskonferansen 2025? Om du melder deg på innan 1. desember kan du velje å motta faktura før nyttår.

Bli oppdatert på konferansen

Annnkvar veke sender vi ut nyheitsbrev frå Digdir. Nytt om konferansen vert annonsert der, på digdir.no og i sosiale medium.

Kontakt

Arrangement i Digdir