Hopp til hovudinnhald

Digitaliseringsrådets årlege erfaringsrapport er klar. Erfaringane er henta frå over 120 tiltak frå over 80 verksemder som har besøkt rådet.

06. november 2024
Grafisk fremstilling av menneskers utvikling med teknologi

Les årets erfaringsrapport

Mange verksemdsleiarar som har besøkt Digitaliseringsrådet jobbar med å gjere seg sjølv og verksemda meir digitalt modne. Erfaringsrapporten i år, som er den niande i rekka, går nærmare inn på kva det betyr for dei, og korleis dei ved å utvikle større digital modnad blir i stand til å omfamne ny teknologi og endringar som kjem.

Den ser spesielt på korleis verksemdene og leiarane tenker nytt om samskaping.

Ny digitaliseringsstrategi

Meir digitalt modne verksemder klarer å sjå utover eigne tenester og eige samfunnsoppdrag. Heilskapen er større enn ein trur. Med nye perspektiv ser vi at digitalisering internt i verksemda kan vere til hinder for ei heilskapleg utvikling.

Så korleis skal vi lykkast med felles utvikling mellom sidestilte etatar? Kven skal ta ansvaret når vi må finne saman på nye måtar?

Den nye digitaliseringsstrategien set retninga for at Noreg skal bli det mest digitaliserte landet i verda i 2030.

Strategien er mellom anna tydeleg på behovet for ei sterkare samordning og styring av offentleg sektor.

Digital modnad er ikkje berre eit «buzzword» – det er grunnlaget for å overleve og lykkast i ei verd i konstant endring. Det handlar om å bruke teknologi til å skape resultat, omsette data til handling og gjere organisasjonen rask på foten.

Digital modnad krev ein annan type leiing

Rådet peikar på at for å vere digitalt moden må leiarar mellom anna:

  • Bygge ein kultur der innovasjon, læring og omstilling skjer automatisk, og der dei tilsette er rusta til å møte morgondagens utfordringar – i dag.
  • Kople digitaliseringa til korleis dei betre kan løyse samfunnsoppdraget i si verksemd.
  • Trivast i meir komplekse, tverrfaglege og dynamiske omgivnader enn det som kanskje var vanleg tidlegare.
  • Sette av ressursar i verksemda til å utforske og eksperimentere med ny teknologi.

Tenke nytt om heilskapen

Stadig oftare handlar diskusjonen i Digitaliseringsrådet om korleis ei verksemd kan løfte blikket for å finne sin plass i den store heilskapen.
Det krev kunnskap og oversikt om data som andre etatar og verksemder eig, og som kan gi nytte i eigne prosessar. Det krev samarbeid.

Digitaliseringsrådet anbefaler ofte at ein må sjå utover eiga verksemd og beskrive det komplekse økosystemet verksemnda opererer i.

  • Kven er aktørane?
  • Kva er dei ulike rollene, behova og krava som de må forhalde dykk til?

Dette kan hjelpe å bygge opp argumentasjonen for det de skal utvikle. Det kan også hjelpe med å prioritere kva de skal gjere først, og kva de kan vente med. Det å starte med å lage eit aktørkart over kven som blir påverka og får gevinstar av utviklingsarbeidet, hjelper med å finne fram til relevante samarbeidspartnarar.

Seminardeltakere foran skjerm som viser ordsky
Endringsvilje: Erfaringsrapporten ble lansert på Digitaliseringsrådets erfaringsseminar. Deltakerne bidro med svar på spørsmålet " Hvilken ferdighet er viktigst for medarbeiderne for at organisasjonen skal lykkes med digital transformasjon". Resultatet ble vist som ordsky.
Foto: Digdir/Marte Torsdatter Leland

Forsterka styring av heilskapen

Vi meiner det er behov for meir sentral koordinering eller styring, og at det blir etablert mekanismar for konfliktløysing. Det hastar med å få opp fleire gode eksempel på fellesskapsstyring, især når vi no skal skru opp tempoet og kunne gjere oss nytte av KI og ny teknologi.

For å få fart på digitaliseringa i Noreg krevst det større grad av fellesskapsstyring. Dette inneber at enkelte verksemder må gi opp delar av autonomien sin og avgjerdsmynda si.

KI og ny teknologi utfordrar og gir forventningar

KI pregar dagsordenen til toppleiarane. Erfaringsrapporten fortel oss at utvida bruk av KI er ein viktig ambisjon og det er forventa at dei skal kunne utnytte KI i utvikling av verksemda og tenestene.

KI er ikkje eit magisk verktøy som kan hentast ut av lause lufta og brukast på kva som helst. Data er inngangen for KI, og mange verksemder jobbar mot målet om å bli meir datadrivne. Det vil seie å ta avgjerder basert på innsikt og analyse av eigne og andre sine data, heller enn erfaring eller intuisjon.

Nesten alle vi snakkar med, fortel at dei treng å rekruttere meir IT-kompetanse. I rapporten frå i fjor skreiv vi også om korleis verksemdene blir nøydde til å vri kompetanseprofilen i organisasjonen, framfor å auke talet på tilsette. Med ny teknologi og KI blir det stadig viktigare å bygge intern kompetanse for framtida. Offentleg sektor må ruste seg med nødvendig kompetanse for å realisere utbyttepotensialet i KI.

Noen av Digitaliseringsrådets medlemmer foran presentasjon av rådets erfaringsrapport fra lanseringen av rapporten
Lansert: Erfaringsrapporten ble presentert på Digitaliseringsrådets erfaringsseminar 6. november. Fra venstre rådsmedlem Ann Merethe Lysø Sommerseth, rådsmedlem May Liss Wasmuth, rådsmedlem Magne Jørgensen, rådsmedlem Sven Marius Urke, rådsleder Joakim Lystad, tidligere rådsleder Svein Kristensen og rådsmedlem Britt Inter Kolset.
Foto: Digdir/Marte Torsdatter Leland

Mykje nytt, men vi held fram

Digitaliseringsrådet har fram til no behandla over 120 prosjekt frå over 80 ulike verksemder. Sakene spenner frå tradisjonelle digitaliseringsprosjekt til strategiar for digital transformasjon, satsingsforslag, tenesteutvikling basert på smidig metodikk og så vidare.

Nytt råd, ny rådsleiar og ny digitaliseringsstrategi – det har vore mykje nytt for Digitaliseringsrådet i 2024, men vi held heilhjarta fram med oppdraget vårt med å hjelpe leiarar i statlege verksemder og dele erfaringane vi har gjort oss.

Ta gjerne kontakt dersom du lurer på om rådet kan hjelpe deg og ditt prosjekt!

Kontakt oss

Elin Oksavik

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 90224846