Hopp til hovudinnhald

Meir fart mot betre løysingar Digitaliseringsrådets erfaringsrapport 2023

Fleire og fleire verksemder seier no at dei jobbar smidig. I årets erfaringsrapport ser vi på kva konsekvensar dette får for organisering, styring og leiing. Og ikkje minst korleis regjeringa og departementa må på bana for å sikre at vi lykkast.

01. november 2023

Vi må ha meir fart!

Vi i Digitaliseringsrådet ser at det skjer mykje spennande og bra i offentlege verksemder, men viss vi skal nå dei store ambisjonane, må vi sette opp tempoet.

Les leiaren frå rådsleiar Svein Kristensen

Meir trening gir betre løysingar

Offentlege verksemder jobbar på nye og smidige måtar for å skape verdi for brukarane og tilpasse seg omgivnadene sine. Vi er inne i ein digital transformasjon.

Les om korleis verksemdene trener på dette, og kva som fungerer

Modige leiarar veit ikkje alltid best

Nye og smidige arbeidsformer set andre krav til leiarar enn vi er vande til. Dette krev modige leiarar.

Les om kva dei modige leiarane gjer for å lykkast

Regjeringa styrer farten

Vi kjem ingen veg utan ei tydeleg retning. Det er nødvendig at rammevilkår og kultur legg til rette for fart og fornying i offentleg sektor. Regjeringa og departementa må ta ansvar.

Les om korleis regjeringa kan ha hendene på rattet og styre takten i fornyinga

Høgdepunkt i Digtaliseringrådet

Digitaliseringsrådet får besøk av leiarar på rådsmøter, arrangerer erfaringsseminar og får sjansen til å delta på andre spennende akivitet. Vi har laga ei kronologisk tidslinje over kva som har skjedd det siste året.

Les om våre høgdepunkt siste året

Om Digitaliseringsrådet

Rådet er samansett med ti erfarne medlemmar som hjelper leiarar i staten med endringsprosessar der digitalisering utgjør ein viktig del. Behandling i rådet er rask og tilpassa kvar enkelt verksemd.

Kven er medlem i rådet og korleis jobbar vi

Om prosjekta vi har behandla

Sidan oppstarten i 2016 og fram til og med oktober 2023 har Digitaliseringsrådet behandla 108 tiltak og hjelpt over 75 verksemder med råd og vegleiing.

Prosjekta vi har behandla