Hopp til hovudinnhald

Høgdepunkt i Digitaliseringsrådet

I løpet av eit år skjer det mykje spennande i Digitaliseringsrådet. Dette året har vore spesielt sidan rådet vart oppnemnt for fire nye år, og vi har fått ny leiar og fire nye rådsmedlemmar. Her kan du lese meir om nokre av våre høgdepunkt.

1. november 2023: Erfaringsseminar

Digitaliseringsrådet lanserte erfaringsrapporten for 2023 Meir fart mot betre løysingar. Rådsmedlemmene Magne Jørgensen og Eli Stokke Rondeel presenterte rapporten. Vi hadde og invitert Christel Borge, direktør i Entur og Per Mathis Kongsrud, direktør i Finanstilsynet til å halde innlegg.

16. november 2023: Rådsmøte

Digitaliseringsrådet hadde besøk av DigiUng programmet. Programmet skal gå frå program til varig struktur samtidig som dei skal innlemme fleire aktørar i satsinga. Digitaliseringsrådet gav 6 anbefalingar.

7. desember 2023: Rådsmøte

Digitaliseringsrådet hadde besøk av to verksemder: Norges Bank og Domstoladministrasjonen. Norges Bank er i ferd med å migrere data i ei skyløysing, samtidig som deil skal legge til rette for tettare samhandling mellom fagsida og IT. Dei skal ha ei desentral dataarkitektur og nye styringsstrukturar som ivaretar roller og ansvar, datakvalitet , prosessar og rutiner. Domstoladministrasjonen diskuterte ei satsing på Digitale domstolar.

Dette møtet var det siste møtet for rådsleiar Svein Kristensen og rådsmedlemmene Jan-Olav Styrvold, Nina Aulie, Eli Stokke Rondeel og Alv Humborstad Sørland.

Januar 2024: Podkastepisode med avtroppande rådsleiar og riksrevisoren.

Heilt på tampen av året spelte rådsleiar Svein Kristensen inn ein spennande samtale med riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen om korleis få større fart i digitaliseringa.

Podkastepisoden Fleire offentlege verksemder må gjera dei rette tinga! vart publisert i januar 2024.

25. januar 2024: Nytt Digitaliseringsråd

Digitaliseringsrådet er reoppnevnt for 4 nye år. Mandatet for Digitaliseringsrådet er revidert, og rådet har fått ny leiar Joakim Lystad, og fire nye medlemmer: Lucie Aunan (Helsedirektoratet), Britt Inger Kolset (Kongsbergregionen), Kristine Aasen (Brønnøysundregistra) og Nadine Ramsberg (Sprint Consulting). Sven Marius Urke (Domstoladministrasjonen), Kjetil Århus (Bergen Kommune), May Liss Wasmuth (Kongsberg Satellite Services), Ann Merethe Lysø Sommerseth (Secure Practice) og Magne Jørgensen (SimulaNet) fortset i Digitaliseringsrådet.

Rådet hadde sitt første møte og fekk besøk av Digitaliseringsdirektoratet (Digdir). Dei leier det store Altinn-programmet.

14. mars 2024: Rådsmøte

Digitaliseringsrådet hadde besøk av Statsforvaltarens fellestenester (STAF) med prosjektet «Klagebehandling økonomisk sosialhjelp».

STAF har gjennomført eit Stimulab-prosjekt om klagebehandling av økonomisk sosialhjelp. Prosjektet sitt utgangspunkt er at det er stor forskjell mellom den reelle saksbehandlingstida og den totale ventetida for brukarar som klagar på vedtak om økonomisk sosialhjelp. STAF har gjennomført eit forprosjekt om klagebehandling av økonomisk sosialhjelp. Dei ønskte å få tilrådingar om korleis dei kan halda fram arbeidet med funna. Digitaliseringsrådet gav 5 anbefalingar.

18. april 2024: Rådsmøte

Digitaliseringsrådet hadde besøk av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) om Moderniseringen av fag- og systemstøtte for andrelinje barnevern.

På dette rådsmøte fikk vi også besøk av Bendik Bygstad som er professor ved Universitetet i Oslo og Noregs handelshøgskole. Han delte sine tankar om digitale økosystem. Bygstad etterlyser større forståing for behovet for at verksemdene ser seg sjølv som ein del av økosystemet – også eit nasjonalt økosystem.

23. mai 2024: Rådsmøte

Digitaliseringsrådet hadde besøk av Statens pensjonskasse (SPK) om ny analyseplattform. Statens pensjonskasse (SPK) skal skaffa, implementera og ta i bruk ein ny, framtidsretta analyseplattform. SPK har eit mål om å bli ei meir datadriven verksemd, og ein forbetra bruk av dataanalyse vil bidra til å nå dette målet. Digitaliseringsrådet gav 7 anbefalingar.

Rådet hadde også besøk av Tore Tennøe, direktør i Teknologirådet. Han presenterte rapporten Generativ kunstig intelligens i Noreg, besøkte Tore Tennøe Digitaliseringsrådet og snakka om den nye bølga av kunstig intelligens.

20. juni 2024: Rådsmøte

Justervesenet har ansvar for at Noreg har ein måleteknisk infrastruktur med nasjonal og internasjonal tillit. Dei kom til Digitaliseringsrådet med ønske om råd i samband med etablering av eit nytt tilsynssystem. Digitaliseringsrådet gav 6 anbefalingar.

Digitale Helgeland har utforska om digitalisering kan nyttast som verktøy for å sikra ein meir stabil og sikker teneste for veterinærar, bønder og kommunar. Dei kom til Digitaliseringsrådet med dette arbeidet, og fekk 5 anbefalingar.

Digitaliseringsrådet fekk besøk av direktør Hans Christian Holte fra NAV som fortalte om transformasjonen mot et produktorientert NAV.

22. august 2024: Rådsmøte med besøk av statsråd Karianne Tung

Havforskingsinstituttet (HI) HI kom til Digitaliseringsrådet med programmet Ocean Link – digital transformasjon. HI er eit av dei største marine forskingsinstitutta i Europa. No er det behov for digital transformasjon slik at data frå kyst og sjø kan delast raskare og med betre kvalitet. Digitaliseringsrådet gav 6 anbefalingar.

Jernbanedirektoratet kom til Digitaliseringsrådet med ønske om styrking av fagområda digitalisering, innovasjon og teknologi. Regjeringa ønskjer å gjennomføra ei digital satsing slik at reisande får ein enklare og meir saumlaus reisekvardag. Det er ei forventning til at Jernbanedirektoratet tek ein sentral posisjon for å realisera denne satsinga. Korleis dei kan få til det ønsket dei å diskutera med Digitaliseringsrådet. Jernbanedirektoratet fekk 7 anbefalingar.

Digitaliseringsrådet fekk besøk av digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung, der statsråden delte sine tankar rundt arbeidet med den nye digitaliseringsstrategien.

19. september 2024: Rådsmøte

Lånekassen besøkte Digitaliseringsrådet for å diskutera korleis få til ei vellykka endring og gjennomføring av ei løpande modernisering av kjernesystema til etaten. Delar av Lånekassens kjernesystem nærmar seg ein kritisk tilstand på grunn av ei stadig aukande teknisk gjeld. Det er eit stort behov for modernisering. Digitaliseringsrådet gav 8 anbefalingar.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) kom til Digitaliseringsrådet med digitaliseringsprogrammet FALK (Forkorting av ledetider – konsesjonsbehandling). De ønsket blant annet å diskutere hvilken rolle toppleder har i å følge opp programmet og sørge for den store digitale endringen i NVE som følge av det. Digitaliseringsrådet gav 7 anbefalinger.