I denne podkasten reflekterer Joakim Lystad om sitt første år som leiar av Digitaliseringsrådet. Den viktigaste bodskapen hans er at toppleiarar må interessere seg meir for digitalisering.
" Digitalisering, digital transformasjon, dreier seg om korleis vi skal levere tenester, om samfunnsoppdraget vårt", seier rådsleiar Joakim Lystad.
Høyr samtalen med Joakim Lystad:
Leiarar kan være usikre
Joakim har og gode råd til leiarar som opplever at dei er usikre i digitaliseringa av verksemda:
- Spør medarbeidarane dine om kva du bør vite for å kunne ta ansvar for tenesteutvikling og den digitale transformasjonen
- Set deg på skolebenken om det er nødvendig
- Les deg opp
- Søk råd hos andre, eller for eksempel Digitaliseringsrådet
Joakim Lystad
Joakim Lystad er leiar av Digitaliseringsrådet. Han har 30 års leiarerfaring. 12 av desse åra som toppleiar i Mattilsynet og Arbeids- og velferdsetaten (NAV). Han er utdanna naturforvaltningskandidat frå nåverande NMBU. På slutten av 80-talet var han med å bygge opp eit norsk dotterselskap av eit amerikansk programvarefirma. Både i Mattilsynet og NAV leia han omfattande digitaliseringsprosjekt og erfarte kva gevinstar og utfordringar dette kan gje for verksemdene. Lystad er oppteken av at verksemdene må meistre dei organisatoriske og personalmessige endringane som ofte er ei forutsetning for vellykka digitalisering.
Spisskompetanse: Leiing, styring, endring, strategi og samarbeid.
Are Kvistad
Are Kvistad er utdannet økonom og journalist. Han har bred erfaring fra privat næringsliv som journalist og rådgiver, senest som kommunikasjonsdirektør i NHO-foreningen Sjømat Norge før han i 2019 begynte som kommunikasjonsrådgiver i Difi og Digitaliseringsdirektoratet.