Feiring av 30 år med elektronisk innsynsløysing i 2023 og kva det har betydd for demokratisk deltaking i Noreg.
Program
- Opningsfilm: "30 år med digitalt innsyn"
- Velkommen ved programleiar Eva Sannum.
- Helsing frå regjeringa ved statssekretær Gunn Karin Gjul (KDD).
- Innlegg og debatt med norsk og internasjonalt blikk.
- "eInnsyn – ei fellesløysing utvikla gjennom samarbeid"" Ved direktør Frode Danielsen, Digdir.
- "Myndighetens åpenhet: Utfordringer og muligheter." Ved professor Christoffer Conrad Eriksen, UiO.
- "Postlister – demokratiets inngangsdør." Ved riksarkivar Inga Bolstad, Arkivverket.
- "En gravemaskin for journalister." Ved journalist Tron Strand, leiar av Pressens offentlighetsutvalg.
- "Et internasjonalt blikk på innsynsretten. "Ved journalistane Staffan Dahllöf og Tarjei Leer-Salvesen.
- Panelsamtale om moglegheiter og truslar for openheit og innsyn i ei framtid med full digitalisering, fake news, KI og «information overload». Medverkande:
- Inga Bolstad, riksarkivar
- Tone Tveøy Strøm-Gundersen, nyheitsredaktør i Aftenposten
- Frode Danielsen, direktør Digdir
- Hanne Harlem, Sivilombod
- "Ett eInnsyn for alle." Ved Jon Sundby, spesialrådgivar IKT, Oslo kommune
Bakgrunn
Innsyn i det offentlege er eit prinsipp som står sterkt i det norske samfunnet. Vi kan ikkje sjå føre oss eit ope demokrati utan retten til innsyn i forvaltning og politikk. Opne postjournalar er eit viktig ledd i dette, og Noreg var tidleg ute med å digitalisera tilgangen til desse.
- I 1993 starta prøveprosjektet «Elektronisk postjournal» (EPJ). Pressa fekk tilgang til postlistene for utvalde departement og direktorat.
- I 2010 vart tenesta «Offentleg elektronisk postjournal» (OEP) lansert. Tenesta var open for alle og den første i sitt slag.
- I 2018 opna dagens løysing «eInnsyn». Gjennom tenesta kan innbyggjarar, journalistar og andre søkje blant over 60 millionar dokument og møtedokumentasjon frå 130 statlege og kommunale verksemder.
Mogelegheita til innsyn i det offentlege er tett kopla til gjensidig tillit i samfunnet og dermed ein av berebjelkane i demokratiet. Vi håpar markeringa kan bidra til å løfte ein diskusjon om kvar vi står når det gjeld openheit i forvaltninga og politiske organ. Er ytterligare digitalisering det som skal til for å bidra til reell innsynsrett i det offentleges gjøren og laden? Kva rolle spelar kultur, lovverk og samfunnsutvikling for kva retning vi går i?