Spørsmål og svar om nasjonale fellesløysingar
Dei nasjonale fellesløysingane er for deg som jobbar med utvikling av offentlege digitale tenester.
Kva er ei nasjonal fellesløysing?
Ei nasjonal fellesløysing er ein byggekloss som offentlege verksemder kan dra nytte av i sine digitale tenester. Løysingane vert utvikla éi gong og kan deretter brukast av mange.
Dei mest sentrale fellesløysingane vert omtalt som nasjonale felleskomponentar: Altinn, Digital postkasse til innbyggarar, Einingsregisteret, Folkeregisteret, ID-porten, Kontakt- og reservasjonsregisteret, og Matrikkelen.
I denne oversikta over nasjonale fellesløysingar viser vi i tillegg andre fellesløysingar som vert forvalta av Digitaliseringsdirektoratet, og utvalde løysingar som KS (kommunesektorens organisasjon) står bak.
Kva er føremålet med denne framstillinga?
Vi har laga ei samla og einskapleg framstilling av tilgjengelege nasjonale fellesløysingar. Vi legg vekt på å vise samanhengar og samspel mellom løysingar. Målet er å gjere det enklare å finne eksisterande løysingar, gje eit betre grunnlag til å ta avgjersler, og slik bidra til auka bruk av fellesløysingar.
Vi legg opp til at du skal bruke denne oversikta saman med mellom anna Felles datakatalog, Altinn digitalisering og Digdir sin samarbeidsportal.
Kven er oversikta over nasjonale fellesløysingar for?
Oversikta er først og fremst for dei som utviklar offentlege digitale tenester, både i statlege verksemder og i kommunal sektor. Mange av fellesløysingane kan også nyttast av private verksemder. På kvar side som presenterer ei løysing har vi lagt inn informasjon om kven som er målgruppa for løysinga.
Kan eg legge inn eigne løysingar?
Førebels er det ikkje mogleg å legge inn eigne løysingar, men på sikt ønsker vi at denne oversikta skal presentere fleire fellesløysingar enn dei som i dag vert rekna som nasjonale. Kontakt oss gjerne med forslag til kva løysingar som bør vere ein del av oversikta.
Korleis får eg tilgang til løysingane?
Det er framleis de forskjellige forvaltarane av fellesløysingane som må hjelpe deg viss du ønsker å ta i bruk ei løysing. På kvar side som presenterer ei løysing har vi lagt inn ei lenke til informasjonssidene til forvaltarane om korleis du kan kome i gang med å bruke løysingane.