Styringsrådet er eit rådgjevande organ for direktoratet og skal handsame viktige saker som omhandlar fellesløysingane. Tilrådingane frå styringsrådet er viktige for oss i avgjerder og råd til politiske styringsmakter knytt til utvikling og forvaltning av løysingane.
Medlemmane i styringsrådet skal bidra til ei forankring av tilrådingane og avgjerdslene i eiga verksemd og hjå samarbeidspartar, samt bidra til at løysingane vert tekne aktivt i bruk.
Møte i styringsrådet skal normalt gjennomførast fire gonger i året. Styringsrådet omfattar alle våre digitale fellesløysingar utanom eInnsyn, som har sitt eige styringsråd.
Møtepapira finn du via eInnsyn.
Medlemmar i styringsrådet:
Skatteetaten: Morten Drechsler
Brønnøysundregistrene: Tore Tveråmo
Statens kartverk: Olav Petter Aarrestad
NAV: Håkon Røstad
Statens vegvesen: Lars Kalfoss
Norsk helsenett: Hilde Lyngstad
A-ordningen: Torstein Hoem
Statens Lånekasse: Ingunn Bakkene Cowan
SSB: Rune Gløersen
Mattilsynet: Anders Jensen
KS: Tristan Rolstad
Bergen kommune: Kjetil Aarhus
Vestfold og Telemark fk: Jon Skriubakken
Oslo kommune: Bjørn Marthinsen