Hopp til hovudinnhald

Ni ulike digitaliseringsprosjekt får no førebels tilsegn om til saman 109,5 millionar kroner frå medfinansieringsordninga.

Ordninga skal gi betre tenester til brukarane og effektivisere offentleg forvaltning. Sidan 2016 har i alt 72 prosjekt fått tildelt til saman 754 millionar kroner. Samla netto noverdi for prosjekta er rekna til vel 26,2 milliardar kroner over 10 år, og innsparingspotensialet i offentlig sektor er på i overkant 1 milliard kroner per år.

Medfinansiering er med på å gjennomføre digitaliseringsstrategien

Retningslinene for medfinansieringsordninga vart i fjor endra slik at det blir lagt større vekt på om prosjekta støttar opp under regjeringa og KS sin digitaliseringsstrategi: Én digital offentlig sektor: Digitaliseringsstrategi for offentlig sektor 2019-2025.

Konkret betyr dette at strategisk prioriterte fellesløysingar (infrastruktur, plattformar m.m.) og tverrgåande tiltak (samanhengande tenester) skal ha eit fortrinn. Det same skal tiltak som er knytt til sju prioriterte livshendingar i strategien. To av prosjekta som no får medfinansiering er med på å støtte opp under livshendinga “Starte og drive bedrift” og livshendinga “Alvorleg sjukt barn”.

Medfinansieringsordninga i år vil vere med på å finansiere mange gode prosjekt som til saman har ein netto noverdi på 3,4 milliardar kroner over 10 år. Prosjekta gir vesentlege gevinstar hos innbyggjarar og næringsliv, og støttar opp under målet om samanhengande tenester i offentleg sektor.

Kort om prosjekta og samfunnsnytten

  • Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) erfarer at ROS-analyser til kommunane si arealplanlegging er av svært varierande kvalitet. Det skal lagast ei digital løysing for risiko- og sårbarhetsanalyser som sikrar at ROS-analysar blir gjennomført meir effektivt, med betre kvalitet og meir einskapleg. Dette vil spare tid både for kommunane, statsforvaltarane og private utbyggjarar.
  • Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) har 180 kundar med til saman 200.000 lønsmottakarar som dei leverer tenester til. Dei skal no automatisere lønsutbetalinga til kundane sine, og få slutt på tidkrevjande manuelle prosessar. Ny teknisk programvare vil gjere det mogleg å tilrettelegge for same tenester i sjølvbeteningsportalen som i DFØ-appen. Både DFØ og kundane sparar mange timar på dette.
  • Helsedirektoratet skal leggje til rette for at pasientar kan få digitale behandlings- og eigenbehandlingsplanar, ved å dele og samanstille data frå ulike kjelder. Helsepersonell med ansvar for å følge opp pasientar manglar i dag moglegheit til å samhandle godt nok. Dette er særleg viktig for pasientar med alvorleg sjukdom, med store og samansette behov og der fleire behandlarar er involvert på tvers av tenestestader. Tiltaket vil gi betre pasientoppfølging og spare tid i helse- og omsorgssektoren.
  • Folkehelseinstituttet (FHI) er ein viktig produsent av statistikk. Prosjektet skal utvikle og ta i bruk ei ny IT- løysing/plattform som skal gjere helsedata lett tilgjengeleg og støtte meir automatisert deling og overføring av statistikkdata til interne og eksterne system og aktørar. Dette vil spare tid både hos FHI og andre aktørar som kan nytte seg av helsedata, innanfor sikre rammer.
  • Patentstyret skal effektivisere saksbehandlinga og måten næringslivet kan få tilgang til, ta i bruk, behandle og dele IPR-data (data om immaterielle rettar). Dei vil bruke ny teknologi og utvikle løysingar som gjer det enkelt å vise, analysere og eksportere data for interne brukarar og eksterne kundar. Løysinga blir utvikla på Altinn 3.0 og bidrar til å utvikle felleskomponenter andre også kan ha nytte av. Løysing vil spare tid både hos Patentstyret og hos næringsdrivande.
  • Sjøfartsdirektoratet skal utvikle ein ny samhandlingsplattform mellom direktoratet og kundane deira, og lage eit nytt fagsystem for direktoratet og organisasjonar som opptrer på vegner av direktoratet. Dette vil forenkle ein del arbeidsoppgåver for direktoratet, og privat næringsliv vil spare tid på at det blir enklare å halde seg oppdatert på regelverk. Det er i tillegg nytteverknader knytt til mogleg reduksjon i tal dødsulukker, personskadar og fartøysskader som følge av betre tilsyn.
  • Landbruksdirektoratet skal lage eit nytt digitalt merkeregisteret som skal stette reindriftsnæringa sitt behov for tilgang til effektive og brukarvennlege elektroniske system, effektivisere og forenkle prosessar og erstatte dagens manuelle oppgåver. Det er eit krav i reindriftslova at all rein i det samiske reinbeiteområdet skal merkast med eigaren sitt merke. Eit digitalt register vil auke kvaliteten på dataa og bidra til auka tillit mellom ei urfolksnæring og staten.
  • Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) vil lage løysingar som gir betre oversikt over og bruk av data om offentlege anskaffingar. Dei skal lage ein intern datakatalog over datasett, med kontinuerleg oppdatering, autentisering, visualisering og klargjering for analyseformål. Beskriving av datasett vil bli lagt i Felles datakatalog, og det vil leggjast til rette for deling av aktuelle opne datasett. Kunnskap om offentlege innkjøp trengst både som grunnlag for overordna politikkutforming og for å sjå til at politiske mål blir nådd. Det er viktig at befolkninga har tillit til at offentlege midlar blir brukt effektivt.
  • Brønnøysundregistra har registrert at ein stor del av brukarane av NAV si gjeldsrådgivningsteneste hamner i økonomisk uføre gjennom drift av enkeltpersonforetak (ENK). Den viktigaste utløysande årsaka til problema er knytt til innbetaling av MVA og skatt. Brønnøysundregistrene ønskjer å gi innbyggjarar som etablerer ENK betre føresetnader for å unngå økonomisk uføre. Dei vil difor lage ein gjenbrukbar, teknologisk infrastruktur som innhentar økonomisk data frå aktuelle kjeder, samanstille desse og lage ei teneste for brukarane som gjer dataa tilgjengelege og visualiserer dei. Data vil bli kombinert med informasjon og “dultar” til betre økonomistyring eller til å søke hjelp. Prosjektet samarbeider med Skatteetaten om deira store satsing på samordna og effektiv innkreving.

Gevinstar skal realiserast

Alle tiltak som får medfinansiering må dokumentere at dei er samfunnsøkonomisk lønsame. Dei ni prosjekta som no får midlar har til saman ein netto noverdi på vel 3,4 milliardar kroner over 10 år. Det omfattar nytteeffektar i både offentleg og privat sektor.

Prosjekta må innan 8. april levere ein gevinstrealiseringsplan for å få endeleg tilsegn om midlar. Denne skal vise gevinstar i eiga verksemd, i andre statlege verksemder og i kommunar. Det gjeld både kvantitative og kvalitative gevinstar. Verksemdene må også gjere greie for korleis dei vil følge opp og måle at gevinstane blir realiserte.

Ny søknadsrunde til hausten

Potten til medfinansiering av digitaliseringsprosjekt er i år 189 millionar kroner. Det betyr at vi har 79,5 millionar kroner som ventar på fleire gode digitaliseringsprosjekt. Midlane er lyst ut med søknadsfrist 2. august. Då må også gevinstrealiseringsplan følgje søknaden, for at prosjekta skal rekke å bruke medfinansieringsmidlar i inneverande år.

Kontakt

Ingrid Bjørkum

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 95 70 52 31

Jørgen Marius Hopland

Rådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 941 55 095