Hopp til hovudinnhald

Fått tilsegn om medfinansiering?

Her finn alle som har fått tilsagn om medfinansiering, nyttig informasjon om belastningsfullmakt, utbetaling, fristar, rapportmalar og svar på ofte stilte spørsmål.

    Belastningsfullmakt/utbetaling

    Når gevinstrealiseringsplanen er godkjent, får de brev om endeleg tilsegn til prosjektet, der det går fram kor mykje midlar de får per år. Det kan maksimalt gis medfinansiering i 3 år.

    De vil deretter få eit eige brev om belastningsfullmakt på Digdir sitt budsjett for inneverande år.

    Nettobudsjetterte verksemder får utbetalt midlane til sitt eige budsjett for eitt år om gongen.

    Når de har levert årsrapport med prosjektrekneskap, og dette er godkjent, får de ny belastningsfullmakt eller utbetaling for det nye året.

    Ubrukte midlar kan ved behov overførast til neste år, men det er ikkje mogleg med meir enn to budsjettoverføringar.

    Fristar

    Som det går fram av tilsegnsbrevet og brev om belastningsfullmakt, er det krav om tre type rapportar:

    • Årsrapport - frist 1. mars påfølgjande år.
    • Sluttrapport – seinast 1. mars året etter planlagt prosjektavslutning.
    • Prognose per 1. oktober om forbruk av medfinansieringsmidlar inneverande år

    Årsrapporten må innehalde et overordna prosjektregnskap, eventuelle vesentlige avvik fra søknaden og status for gevinstrealisering. Verksemda må innhente nødvendige opplysningar frå eksterne gevinsteigarar.

    Sluttrapporten skal sendast til Digdir uoppfordra så snart prosjektet er avslutta og prosjektrekneskapen er klart. Prosjektrekneskap og gevinstrealiseringsplan må leggast ved sluttrapporten.

    Prognosen over forbruk inneverande år skal vere så realistisk som mogleg. Ubrukte midlar kan overførast til neste år, men overføring kan maksimalt skje i to budsjettår.

    Ofte stilte spørsmål

    Når gevinstrealiseringsplan er godkjent, får de ei belastningsfullmakt på Digdir sitt budsjett for inneverande år.

    Neste år får de ny belastningsfullmakt når årsrapport er innsendt og godkjent. Årsrapporten skal leverast innan 1. mars.

    De skal ikkje belaste Digdir sitt budsjett før de har fått belastningsfullmakt for inneverande år.

    Nettobudsjetterte verksemder får utbetalt midlar for kvart år til eige budsjett, etter godkjent gevinstrealiseringsplan og etter årsrapport.

    Når det gjeld interne lønsmidlar, skal de bruke same timepris som i søknaden.

    For konsulentutgifter/innleigde ressursar brukar de faktisk kostnad.

    Alt skal vere eks. moms.

    Ja, det kan de, dersom de ventar å bruke midlane det neste året. Men det kan kun gjerast to budsjettoverføringar. De må gjere greie for behovet og årsaken til dette i årsrapporten.

    De gjer greie for eventuelle endringar som t.d. endring i framdrift, bruk av medfinansiering eller produkt i årsrapporten.

    Ubrukte midlar kan overførast til året etter, men det kan kun gjerast to budsjettoverføringar. Medfinansiering kan kun gis i 3 år.

    Prosjektet skal ferdigstillast innan 4 år.

    Dersom prosjektet blir stansa, skal i utgangspunktet brukte medfinansieringsmidlar betalast attende. Digdir må straks informerast, og vil vurdere kvar sak for seg.

    Ja, med 40 % av reell timepris.

    Dersom det gjeld konkrete kostnader knytt til prosjektet , som t.d. reisekostnader, opplæringskostnader eller innkjøp av spesiell software, kan dette bli dekka av medfinansieringsmidlar. Det skal i aktuelle tilfelle avtalast med Digdir på førehand.

    Kontakt

    Håkon Henjum

    Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
    Telefon: +47 99 01 46 84

    Elin Oksavik

    Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
    Telefon: 90224846