Oktober er over, og med den også årets sikkerheitsmånad. Vi i Digitaliseringsdirektoratet har halde fleire presentasjonar i løpet av desse vekene.
Allereie siste veka i september besøkte vi Olje og energidepartementet og presenterte kva vi arbeider med, og kva tenester vi leverer, for dei og deira underliggjande etatar. Veka etter, som var haustferieveke i Oslo-området, snakka vi for leiargruppa i administrasjonen for Sametinget om heilskapleg internkontroll på informasjonssikkerheitsområdet.
Statens Pensjonskasse har fått ein presentasjon av DFØ og Digdirs nye rettleiar for offentleg sektors bruk av skytenester etter Schrems II. Denne rettleiaren, og temaet den omhandlar, har og vore tema på NOKIOS.
Mot slutten av månaden fekk dei som jobbar med sikkerheit hos Statsforvaltarens fellestenester og dei ulike statsforvaltarembeta høyre om våre anbefalingar om roller og ansvar i styringa av informasjonssikkerheit, og korleis ein kan jobba med kompetanse- og kulturutvikling på dette området. Nå heilt i starten av november har vi også for Bærum kommune presentert våre tankar om roller og ansvar, og organisering av informasjonssikkerheitsarbeidet.
På Sikkerhetsdagen 2022 arrangert av Universitetet i Agder og Skatteetaten presenterte vi vårt initiativ «Felles sikkerheit i forvaltninga», som handlar om korleis vi som gir tilrådingar og rettleiing på informasjonssikkerheitsområdet kan jobbe saman for å gi ei meir heilskapleg rettleiing, og konkrete råd som er tilrettelagde for brukarane.
Ønskjer du å høyre om dette, eller noko anna av det vi har på våre nettsider? Ta kontakt på infosikkerhet@digdir.no for å sjå på kva moglegheiter som finst.