Klart språk i oppstart av prosjektet
Klart språk hjelper til å løfte blikket og sjå det store biletet. Saman med metodar frå tenestedesign, slik som brukarreiser, kan klart språk klargjere ulike roller, forventingar og perspektiv.
Gode og klare diskusjonsspørsmål kan bidra til eit målretta prosjektarbeid. Bruk eit klart språk for å hjelpe prosjektgruppa til å forstå kva prosjektet handlar om, kven brukarane er og kva som er rammene for tenesta.
Her finn du tre aktivitetar som hjelper deg til å forstå tenesta og prosessen.
1. Still gode spørsmål om prosjektet
Opne spørsmål og gode diskusjonar hjelper prosjektgruppa til å forstå behova og konteksten til brukarane, og sjå dei i samanheng med ambisjonane for tenesta. Diskusjonane kan også bidra til å gjere prosjektgruppa tryggare på kvarandre, og støtte eit tverrfagleg samarbeid over tid.
Det har stor verdi at det kjem ein frå utsida med eit nytt blikk på prosessen.
Slik gjer du det:
Fasiliter ein open og inkluderande diskusjon med utgangspunkt i spørsmål som dette:
- Kven er brukarane av tenesta?
- Korleis skal de få innsikt om brukarane sine behov og synspunkt?
- Kva situasjon står brukarane i, og kva for nokre forventingar har dei?
- Kva forventingar og krav har oppdragsgivar til arbeidet?
- Kva er forventingane og motivasjonen til deltakarane i prosjektet?
- Korleis skal de måle suksess undervegs og til slutt?
Skriv ned kva de kjem fram til i gode, klare setningar.
2. Avklar ord og omgrep
Bruk ein skriveverkstad for å sikre at prosjektgruppa har ei felles forståing av relevante ord og uttrykk, og for å verte merksame på faguttrykk som brukarane vil kunne misforstå. Kunnskap om omgrepa gjer det også lettare å forstå forvaltingsområdet og den aktuelle tenesta de skal utvikle.
Slik gjer du det:
Bruk gjerne søkelogg, statistikk frå kundesenter, funn frå brukartest, ordliste eller andre funn frå brukarinnsikten til å lage ei liste med ord og utttrykk som er relevante for tenesta. Legg til ord og uttrykk som prosjektgruppa meiner er relevante, og velg ut dei ti til femten viktigaste omgrepa.
Diskuter eitt og eitt ord eller uttrykk:
- Korleis nyttar de uttrykket i prosjektet?
- Kva betyr ordet for fagfolk?
- Kva betyr ordet for brukarane/innbyggjarane?
- Korleis kan brukarane misforstå ordet?
- Kva for nokre alternative ord og uttrykk kan de ta i bruk?
- Korleis kan de unngå å nytte ordet i tenesta?
3. Skriv eit kort samandrag av tenesta
Det er nyttig for alle å sette av tid på å dokumentere innsikt om kva tenesta skal vere for brukarane. Aktiviteten er særleg eigna for å inkludere nye medlemar i eit designprosjekt, og hjelper gruppa til å løfte blikket. Korte samandrag av status for arbeidet er nyttig både tidleg og seint i prosjektet, og kan bidra til å konkretisere gjennombrot og oppsummere resultata undervegs.
Ei slik oppsummering er nyttig også for å se kva som er innanfor og utanfor omfanget til tjenesta, og for å bli einige.
Slik gjer du det:
Skriv eit kort samandrag av det du har lært om tenesta frå samtalar med prosjektgruppa og i arbeidsmøter så langt. Det kan vere hensiktsmessig å legge vekt på kva brukarane skal forstå, utføre og erfare medan dei nyttar tenesta.
Bruk teksten til å diskutere moglegheiter og avklare misforståingar internt i prosjektgruppa. Teksten kan også vere eit godt utgangspunkt for å teste ulike designkonsept, og vil gjere det enklare å designe trådskisser med ekte tekst.