Korleis bruke rettleiaren, og kven står bak?
Både prosjektleiarar, innhaldsdesignarar og tekstforfattarar kan bruke aktivitetane. Innhaldet er basert på utviklingsarbeid knytta til livshendinga Dødsfall og arv.
Kva er denne rettleiaren?
Rettleiaren er ei samling råd og aktivitetar med klart språk for å støtte utvikling av digitale tenester. Målet er at rettleiaren skal støtte deg til å nytte klart språk til å forbetre både prosessen fram mot dei digitale løysingane og heve kvaliteten på dei offentlege tenestene.
Rettleiaren tar utgangspunkt i ei utvida forståing av klarspråk som eit prosessverktøy. Klargjerande diskusjonar og brukarretta tekstar styrker arbeidet frå start til slutt i prosessen, og klart språk er ei superkraft for effektive og inkluderande utviklingsprosjekt.
Det blir mykje enklare å designe med ekte tekst.
Dei eksisterande klarspråkråda rettar seg i hovudsak mot å skrive tekstar som gjer at at innbyggjarane skal kunne finne, forstå og bruke det dei les. Retningslinjene er mykje brukt, og vart utvikla av Språkrådet, Digdir og KS.
Paragraf 9 i språklova pålegg offentlege organ å kommunisere på eit språk som er klart, korrekt og tilpassa målgruppa. Stadig fleire digitaliseringsprosjekt inkluderer difor personar med kompetanse innan klarspråk, for å sikre at tenestene er brukarorienterte og i klart språk.
Dei siste åra har også tenestedesign etablert seg som metode i offentleg sektor. Gjennom å kombinere klarspråk med tenestedesign er målet med denne rettleiaren å styrke samspelet mellom dei to kompetansane, og på den måten forbetre heile utviklingsprosessen av digitale tenester.
Kven kan bruke aktivitetane?
Rettleiaren er laga for alle som er med på å utvikle digitale tenester. Typiske brukarar er prosjektleiarar, designarar, utviklarar, tekstforfattarar, innhaldsdesignarar, domeneekspertar og andre som bryr seg om å lage gode, digitale tenester. Ofte vil ein innhaldsdesignar ha hovudansvaret for arbeidet med klart språk i utvikling av digitale tenester.
Du treng ikkje forkunnskap om klarspråk eller tenestedesign for å utføre aktivitetane vi har samla i rettleiaren. Ta ein kikk på dei ulike delane, og test ut om aktivitetane kan bidra til ei tydelig og effektiv prosess – og sjølvsagt eit klart og godt sluttprodukt.
Korleis kan du ta aktivitetane i bruk?
Rettleiaren har fire delar som følgjer dei vanlegste fasene i eit prosjekt:
- Den første delen handlar om å nytte klarspråk for å forstå kva problemet er og kva behov brukarane har.
- Den andre delen viser korleis klart språk kan støtte prosjektgruppa til å samarbeide på tvers av fag.
- Den tredje delen inneheld aktivitetar som hjelper deg til å inkludere brukarane og brukarteste tidleg, ofte og variert.
- Den fjerde delen bygger vidare på klarspråksråda for gode og forståelege tekstar i digitale tenester, og hjelper deg til å forme detaljane i sluttproduktet.
Du kan lese heile rettleiaren før du startar, eller du kan gå rett til den delen som passar ditt prosjekt akkurat no.
I kvar del finn du fleire aktivitetar og råd. Bruk dei som dei er, eller tilpass etter ditt behov.
Kven står bak rettleiaren?
Rettleiaren er eit resultat av eit samarbeid mellom Digdir og innhaldsdesignarar i Halogen. Arbeidet utvidar retningslinjene om klart språk i digitale tenester, utvikla av Digdir, Språkrådet og KS.
Aktivitetane er testa og validert i arbeidet med to digitale tenester knytt til livshendinga Dødsfall og arv.