Digitaliseringsdirektoratet, KS og Språkrådet inviterer til Klart språk 2023. Med spanande innlegg og konkrete eksempel syner vi krafta som ligg i klart språk. Seminaret vert avslutta med overrekking av klarspråksprisane for godt arbeid med klart språk i stat og kommune i 2022. Arrangementet blir og strøyma: Du er velkommen til å delta digitalt eller ved fysisk oppmøte I Digdirs møtesenter på Økern Portal i Oslo. Gratis deltaking.
Du kan se opptak av sendinga her:
Program
-
Velkommen
v/konferansier Kjell Erik Saure, KS
- «Vi er her alle saman» – om krig og klarspråk
Eit kort føredrag om kva byråkratar og andre kan læra av Volodomyr Zelensky
v/Jens Elmelund Kjeldsen, professor i retorikk og visuell kommunikasjon ved Universitetet i Bergen - Klart språk – ei sikker og sjølvsagt investering. Om samanhengen mellom klart språk, digitalisering og brukarvenlege tenester
v/Kristin Weidemann Wieland, områdedirektør for forskning, innovasjon og digitalisering, KS - Inkluderande språk respekterer mangfaldet
Lansering av nye prinsipp for inkluderande språk
v/Hege Berg Løkken, språkkonsulent i NTB Arkitekst - Klart språk som superkraft i digitaliseringsprosjekt:
- Klart språk skapar betre offentlege tenester
v/Onar Aanestad, kommunikasjonsdirektør i Digitaliseringsdirektoratet - Praktiske erfaringar med klart språk som metodeverktøy
v/Andreas Birger Johansen, leiar for innhaldsdesign i Halogen
- Klart språk skapar betre offentlege tenester
- Slik lukkast du med språkarbeid på 1-2-3-4-5-6-7-8
- Følg 8 tilrådingar frå verksemder som jobbar smart med klarspråk
v/Åse Wetås, direktør i Språkrådet
- Følg 8 tilrådingar frå verksemder som jobbar smart med klarspråk
- Panelsamtale med Jens E. Kjeldsen, Åse Wetås, Onar Aanestad, Kristin Weidemann Wieland, ordstyrar Kjell Erik Saure
- Kven vinn klarspråksprisane for 2022?
Kåring av vinnarar og prisutdeling ved Sigbjørn Gjelsvik, kommunal- og distriktsminister - Kva kan vi lære av vinnarane?
Prisvinnarane deler nokre høgdepunkt frå klarspråksarbeidet i samtale med Kjell Erik Saure - Kort oppsummering av dagen
v/Kjell Erik Saure, KS
12.30 Avslutning og minglelunsj
Gratis deltaking. Arrangementet vert òg strøyma.