Hopp til hovudinnhald

No kan kommunar og statlege verksemder melda seg på konkurransen om å vinna klarspråkprisen for 2023. Påmeldingsfristen er 20. mars, og prisane vert delte ut 15. mai.

19. februar 2024

Klarspråkprisen vert gitt til offentlege verksemder som har utmerkt seg med eit langsiktig og systematisk arbeid med klart språk. Det er to prisar, ein for statlege etatar og ein for kommunar/fylkeskommunar.

Prisane vert delte ut 15. mai.

Meld deg på konkurransen her:


Påmeldingsskjema bokmål
Påmeldingsskjema nynorsk

Dette er kriteria for klarspråkprisen

Juryen legg vekt på:

• korleis klarspråkarbeidet er organisert, at det er forankra i leiinga og at det involverer store delar av verksemda
• koplinga mellom språkarbeidet og andre arbeids- og utviklingsprosessar
• språkleg samanheng i alle kanalane mellom forvaltninga og innbyggjarane
• kva for nokre konkrete tiltak som er gjennomført
• korleis målgruppene blir involverte i utviklinga av tekstar, og korleis tekstar blir tilpassa behovet deira
• konkrete resultat av klarspråkarbeidet ved evaluering, brukartesting, målingar eller liknande

Foreslå kandidaten din

Kjenner du til ei anna verksemd som har gjort ein god jobb med klart språk? Då kan du foreslå ein kandidat ved å senda forslag med grunngiving til ssb@sprakradet.no. Kandidaten du foreslår får tilsendt skjema, som dei sjølv må fylla ut og senda inn for å delta i konkurransen om å vinna klarspråkprisen.

Retningslinjer for Klarspråkprisane

Kva er klart språk?

Klart språk handlar om å gjera seg forstått. Den internasjonale definisjonen av klarspråk er «kommunikasjon med så tydeleg ordlyd, struktur og visuell utforming at lesarane i målgruppa finn informasjonen dei treng, forstår den og kan bruka den».

Språkrådet, KS og Digitaliseringsdirektoratet samarbeider om klarspråk.