Hopp til hovedinnhold
09. november 2023
2 minutter å lese

I eit innlegg i Aftenposten skriv KI-ekspert og førsteamanuensis Inga Strümke at "Norge har fått en digitaliseringsminister. Denne gangen kan det utgjøre en forskjell." Strümke tek opp viktige tema.

No kjem ein tsunami av rettsakter frå EU med regelverk som Noreg er forplikta til å implementere som ein del av EØS-avtalen.

Da ChatGPT traff oss for eit år sidan, var vi lite førebudde på korleis vi skulle handtere ein ny teknologi som snur opp-ned på mykje. Vi måtte finne ut om vi skulle regulere teknologien, og korleis.

EU har teke eit krafttak for å sikre dei europeiske demokratia når både store, private tech-selskap, og nasjonar med andre styresett enn oss, utnyttar teknologien på måtar som ikkje er i samsvar med våre verdiar for bruk av kunstig intelligens. EU gjer mykje godt arbeid med regelverk. I tillegg kjem store satsingar på infrastruktur, forsking, utvikling, testing og utprøving av ny teknologi. Alt dette kjem Noreg til gode. Det er god hjelp på eit område der utviklinga går lynraskt og det er utfordrande for ein liten nasjon å henge med.

Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) ser behovet for ei samordna tilnærming til dei mange EU-regelverka på digitaliseringsfeltet. Vi må også sørge for at regelverk vi allereie har, og som berre gjeld Noreg, er oppdaterte og digitaliseringsklare. I dag er Noreg veldig langt unna god samordning og har ikkje nok kapasitet til det naudsynte regelverksarbeidet. Handteringa av kunstig intelligens er berre eitt døme på at Noreg må organisere seg annleis for å respondere raskt nok på nye teknologiar, utfordringar og moglegheiter.

Regjeringa er i gang med ein ny digitaliseringsstrategi. Digdir forventar at den skal adressere dei strukturelle utfordringane i forvaltninga som gjer det vanskeleg å agere smidig, heilskapleg og kraftfullt når viktige område som kunstig intelligens treff oss.

Digdir får mange tilbakemeldingar om at nokon må få eit mandat til å forvalte dei felles interessene til Noreg på både EU-regelverk og på KI-feltet. Som relativt fersk leiar av Digdir er ambisjonen min at Digdir, som har ansvaret for raskare og meir samordna digitalisering av landet, skal ta ei slik rolle. Vi har allereie svært kompetente medarbeidarar på begge områda, som mellom anna den nye rettleiinga i bruk og utvikling av kunstig intelligens i offentleg sektor er eit døme på. Rettleiinga gir konkrete råd for å hjelpe verksemdene med å ivareta eksisterande og komande regelverk.

Ei formell rolle vil gjere det lettare å utruste Digdir for arbeidet som krevst og vil gjere det lettare å samordne offentleg sektor i desse spørsmåla. I påvente av eit sterkare mandat på desse områda, kan eg uansett love at eg vil leite etter moglegheiter og gjere alt vi kan for å styrke dette arbeidet i 2024.

Farta må opp. Vi har ikkje tid til å vente. Vi risikerer at Noreg blir ståande på perrongen når digitaliseringstoget går, og vi vil gå glipp av store moglegheiter vi ikkje har råd til å misse.

Frode Danielsen
Direktør, Digitaliseringsdirektoratet

Frode Danielsen

Danielsen vart utnemnt til direktør i Digitaliseringsdirektoratet i mars 2023 etter å ha vore konstituert i stillinga sidan november 2022. Han var avdelingsdirektør for digitale fellesløysingar i Digdir i perioden 2021-2022, har jobba med nasjonale fellesløysingar i 15 år, og har mellom anna hatt ei sentral rolle i å bygge opp eit sterkt og leveransedyktig forvaltningsmiljø for løysingane. Danielsen er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen.

Forfatter

Frode Danielsen
Frode Danielsen
Direktør, Digitaliseringsdirektoratet

Kommentarer (2)

M

Maia

18. april 2024

Hva er det begrunnelsen for å bruke merkelige enkle spørsmål for å gi svar på om bruker er menneske eller robot? Feks blir jeg spurt på denne siden; Er du et menneske? Og Mattespørsmål 3+5?
Kan ikke både mennesker og KI kunne klare å besvare dette? Hvor er logikken?

Som svar på av Maia (ikke bekreftet)

A

Anne Therese Tøsse Gjerløw

29. april 2024

Hei! Vi har CAPTCHA for å unngå spam i kommentarfeltet. Vi bruker enkle mattespørsmål som forandrer seg hver gang man besøker siden, for å gjøre det enkelt for et menneske å svare. Bot-ene som forsøker å spamme kommentarfelet har ofte teknologiske begrensninger som gjør at de ikke klarer å svare på disse enkle spørsmålene.

Kommenter

Felt merket med en rød stjerne (*) er obligatoriske.

Innholdet i dette feltet blir holdt privat og vil ikke bli vist offentlig.
Er du et menneske?
12 + 7 =
Løs dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.