Digdir skal i 2024 dele ut 140,6 millionar kroner til både små og mellomstore digitaliseringstiltak som er samfunnsøkonomisk lønsame. Søk innan 5. februar 2024.
Ordninga skal gi betre tenester og ein meir effektiv offentleg sektor
Digdir forvaltar medfinansieringsordninga for delfinansiering av samfunnsøkonomisk lønsame digitaliseringstiltak. Ordninga skal nå bredt ut og målet er at vi i Noreg skal gjennomføre fleire samfunnsøkonomisk lønsame digitaliseringstiltak og realisere dei planlagde gevinstane.
Slik søkjer du
Kort om ordningen
Stemmen i denne filmen er laget ved å bruke kunstig intelligens.
Ei statleg verksemd må stå som søkjar
Det må være ei statleg verksemd som står som søkjar, men andre statlege verksemder, kommunar, næringsliv med fleire, kan gjerne være samarbeidspartar.
Krav for tiltaka:
- Må ha total prosjektkostnad mellom 10 og 100 millionar kroner
- Kan få dekka opptil 50 % av total prosjektkostnad
Samfunnsøkonomisk lønsame tiltak
Tiltaka må kunne dokumentere at dei er samfunnsøkonomisk lønsame. De må levere ein forpliktande gevinstrealiseringsplan som syner gevinstane i eigen og eventuelt andre statlege verksemder, og korleis resultata skal målast.
Verksemder som får nettogevinster får behalde 50 % av eigne nettogevinster, de øvrige 50 % skal tas ut som reduksjon i budsjettet. Dersom andre statlege verksemder får netto gevinstar over 5 millionar kroner i tiltakets levetid, skal 50 % av dette tas ut som reduksjon i deira budsjett.
I forslag til statsbudsjett for 2024 er det føreslått 140,6 mill. kroner til medfinansieringsordninga. Stortinget behandlar statsbudsjettet i desember. Vi tek atterhald om at totalbeløpet ikkje blir endra.
Ta kontakt med oss. Vi tek gjerne 1-til-1-møter for å rettleie i søknadsprosessen.