EUs eGovernment Benchmark 2024
Noreg hamnar på ein 11. plass i undersøkinga der offentlege tenester i 35 land blir testa. Tenester knytt til ni livshendingar blir testa for blant anna brukarvenlegheit, grad av openheit og bruk av fellesløysingar.
Ser vi på utviklinga over tid, så ligg Noreg stabilt rundt ein 10.-11. plass. Sjølv om Noregs plassering har vore stabil dei siste åra betyr ikkje dette stillstand, men at utviklinga i det norske digitale tenestetilbodet har auka i takt med andre land i Europa.
Tenestetilbodet er stort sett tilgjengeleg digitalt
Det fyrste området tenestene blir testa på er digital tilgjengelegheit. I stort syner undersøkinga at dei utvalde tenestene for det meste er tilgjengeleg digitalt, både i Noreg og i dei andre landa. Dei fungerer som regel på smarttelefonar og nettbrett, og har vanlegvis gode støttefunksjonar, slik som bruk av sider med ofte stilte spørsmål og svar. På dette område får Noreg 98 av 100 moglege poeng. Snittet for alle EU-landa er 93 poeng, noko som syner at mange av dei andre landa også skårer høgt på dette område.
Vi gjer det bra på område for teknisk infrastruktur
Teknisk infrastruktur er eit anna område som tenestene blir testa på. Relativt til dei andre landa er det her Noreg kjem best ut, med ein 8.plass og 92 poeng. Her blir det testa om dei offentlege tenestene brukar løysingar som digital post, nasjonale eID-løysingar til pålogging og gjenbruk av data som det offentlege allereie har om brukaren. Noreg blir trekt fram som eit av landa som ligg lengst framme («frontrunner») i bruken av eID, saman med blant anna Danmark og Finland.
Vi kan bli betre til å leggje til rette for brukarar frå andre land og transparens
Å leggje til rette for brukarar frå andre land og transparens, er dei to områda Noreg skårar dårlegast på. Dette gjeld ikkje berre for Norge, men også for dei andre landa i undersøkinga.
Å leggje til rette for bruk av tenester for brukarar frå andre land inneberer blant anna å gjere det mogleg å logge seg inn med si eiga nasjonale eID-løysing, og å ha informasjon tilgjengeleg på andre språk. Her hamnar vi på ein 13. plass, ned frå ein 11. plass i 2022-undersøkinga.
Transparens handlar om kor opne offentlege myndigheiter er når det kjem til informasjon om leveringa av ei teneste, bruken av personlege data og korleis ei teneste blir utforma. Her hamnar Noreg på ein 17. plass, uendra frå plasseringa i 2022-undersøkinga.
Vi kan bli betre på å gi informasjon om korleis ei teneste blir levert
Informasjon om korleis ei teneste blir levert inneber blant anna informasjon om kor lang tid det tek å fullføre ei teneste, og kor lang tid det tek før ein får svar på sin førespurnad. Det blir også målt kor vidt brukaren får informasjon om kor langt ein er komen i utføringa av ei teneste. Her får Noreg ein 17. plass og 56 av 100 moglege poeng. Dette er litt under snittet for alle EU-landa i undersøkinga. I undersøkinga frå 2022 blei Noreg her rangert til ein 18. plass.
Noreg på topp i måling av pilot-indikator for universell utforming
I undersøkinga er det nokre pilotmålingar av nye indikatorar, blant anna ein indikator for universell utforming. Indikatoren skal gi eit mål på i kva grad tenestene er tilgjengelege for alle, uavhengig av funksjonsevne og alder. Her kjem Noreg på topp. 79 prosent av dei norske tenestene oppfyll ei utval av dei lovpålagde krava til universell utforming. På andre plass kjem Finland med 77 prosent, og Nederland på ein tredje plass med 74 prosent. Målinga av pilot-indikatorane inngår ikkje i den samla vurderinga og rangeringa i undersøkinga.
Tenester for næringslivet gjer det betre enn tenester for innbyggjar
Ser ein resultata for alle landa samla, syner undersøkinga at tenester retta mot næringslivet skårar høgare enn tenestene som er retta mot innbyggjar. Tenester frå sentrale myndigheiter (statlege tenester) skårar høgare enn dei lokale tenestene (kommunale tenester).
Vidare syner undersøkinga at tenester i liten grad er tilrettelagt for brukarar frå andre land. 94 prosent av tenestene som blir testa ligg på offentlege portalar, såkalla «one-stop-shops». Slike portalar eller nettsider samlar informasjon om tenester frå ulike verksemder, slik at brukar skal ha færre inngangar å forholda seg til.
Tek utgangspunkt i livshendingar frå eit brukarperspektiv
Tenestene som blir testa er knytt til ni valde livshendingar, og blir testa i eit to-årig løp. I 2024-undersøkinga er det livshendingane å drive ei verksemd, å flytte, helse (å bestille legetime, å få skrive ut ein resept etc.), transport (å ta kollektivtransport, å eige bil etc.), og å starte ein mindre klagegang som blir testa. Les meir om undersøkinga i faktaboksen under.
Undersøkinga blir publisert årleg, og blei fyrst publisert i 2012. Den samanliknar offentlege digitale tenester i 35 europeiske land.
Tenestene blir testa innanfor følgjande område:
- om tenestene er tilgjengelege digitalt og for bruk på mobil og nettbrett, og om dei har gode brukarstøtte-funksjonar
- grad av transparens i leveranse og utforming av tenesta og bruk av personlege data
- teknisk infrastruktur
- om tenestene kan nyttast på tvers av landegrenser
Tenestene som blir testa er knytt til ni livshendingar som blir testa i eit 2-årig løp:
- 2024:
- å drive ei bedrift
- å starte ein mindre klagegang
- å flytte
- transport (å ta kollektivtransport, å eige bil etc.)
- helse (å bestille legetime, å få skrive ut ein resept etc.)
2023:
- å starte opp ein bedrift
- å mista og finne ein ny jobb
- å studere
- familierelaterte tenester
Merk at livshendingane som blir testa i undersøkinga er noko samanfallande med regjeringa sine sju prioriterte livshendingar, men det er ikkje eit éin-til-éin-forhold mellom desse. Les meir om dei sju prioriterte livshendingane i arbeidet med regjeringas og KS' digitaliseringsstrategi.
Capgemini med samarbeidspartnarar utarbeidar rapporten på vegne av EU-kommisjonen. Metoden «mystery shopping» blir nytta for å evaluere tenestene. Dette er ein metode som set brukarreisa og -opplevinga i fokus.