Government AI Readiness Indeks 2024
OECD sin Government AI Readiness-indeks undersøker kor godt offentlege myndigheiter i ulike land er rusta til å ta i bruk KI. Det er Oxford Insights som står bak Indeksen.
To plassar opp frå førre undersøking
I figuren for 2024 er Noreg rangert som nummer 11 globalt, opp frå 13. plass året før. Dette markerer ein positiv trend, der Noreg har klatra to plassar og no ligg rett bak Australia og Finland, og framfor Japan og Sverige.
Noreg samanlikna med Norden over tid
Figuren nedanfor syner Noreg, Sverige, Danmark og Finland sine plasseringar i Government AI Readiness-indeksen dei siste seks åra. Noreg har gått frå ein 12. plass i 2019 til ein 11. plass i 2024. Sverige låg langt framme i starten av perioden, men har falle jamt og trutt og ligg no bak Noreg. Danmark har også hatt ein nedadgåande trend og er no på 15. plass. Finland har halde seg stødig i toppen, men har falle frå ein 4. plass i fem år på rad til ein 9. plass i 2024.
Forbetringspotensial innanfor teknologisektoren
Forbetringspotensial innanfor teknologisektoren
Government AI Readiness-indeksen vurderer 40 indikatorar fordelt på 10 område innanfor offentleg sektor, teknologisektoren og data og infrastruktur. Noregs totalskår for 2024 er 76,12 av 100. Innanfor offentleg sektor har vi ein skår på 86,38, og innanfor data og infrastruktur ligg vi på 85,70.
Det største forbetringspotensialet finn vi i teknologisektoren, Den blir målt på kor moden og innovativ sektoren er, samt korleis humankapitalen er. Her har Noreg ein skår på 56,28 av 100, og vi skårar lågast på modenheit. Offentleg sektor er avhengig av ein teknologisektor som er moden og innovativ nok til å utvikle og levere KI-verktøy som kan støtte opp under digitaliseringa av offentlege tenester.
Figuren nedanfor viser korleis Noreg og fleire utvalde land (Sverige, Danmark, Finland og USA) skårar på dei ti dimensjonane som inngår i indeksen. Noreg skårar høgt på visjon, styring, data og infrastruktur, men lågare på humankapital, innovasjon og teknologisk modenheit.